Kommunal bustad

Kva tilbyr me?

  • Kommunen kan tilby utleigebustad til personar som er vanskelegstilte på bustadmarknaden av økonomiske, sosiale eller helsemessige årsaker.
  • Utleigebustadane er av enkel standard. Dei er umøblerte med 1 soverom, bad, stove/kjøkken.
  • Det finst kommunale bustadar i alle bygdene våre, men det er ikkje alltid me kan tildela etter ønskje. 

Kven kan få tilbodet?

Du kan søka om å leiga kommunal bustad om du ikkje klarar å skaffa deg egna bustad sjølv, eller med anna offentleg hjelp. 

Kommunal utleigebustad er bustad utan særskilt tilrettelegging. Dei er lokaliserte både i burettslag, sameige eller som sjølvstendige einebustader eller tomannsbustader. 

Kriterier for tildeling

  • Må ha fylt 18 år
  • Må ha lovleg opphald i Noreg.
  • Må ha fast adresse eller ha budd eller hatt opphald i Vindafjord dei siste 6 månadar, eller ha nær familie som oppfyller kravet til butid kommunen.
  • Om søkar har uoppgjort gjeld til Vindafjord kommune som følgje av tidlegare butilhøve, kan dette vera grunnlag for å avslå søknad om leige av kommunal bustad på nytt. Det kan bli stilt vilkår om nedbetalingsavtale for skuldig husleige, misleghaldne kommunale lån eller manglande skadeerstatning frå tidlegare leigeforhold før søknad vert behandla.
  • Er utan eigen bustad.
  • Har behov for endring av noverande butilhøve på grunn av helsemessige eller sosiale årsaker.
  • Bur i ein bustad som er erklært helsefarleg.

Slik søker du

Søknadsskjema kommunal bustad/omsorgsbustad

Dersom det er ein annan person som sender inn søknaden på vegne av deg, må du gi fullmakt til denne personen. Signert fullmakt kan enten leggast ved søknaden eller ettersendast per post til kommunen merka «Tenestekontoret».

Skjemaet skal sendast direkte til
Vindafjord kommune, Tenestekontoret, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen.

Klagerett

Du kan klage på eit vedtak innan tre veker frå du mottok vedtaket. I klagen må du beskriva kva du klagar på, og hva du ønskjer endra i vedtaket. Du må begrunna klagen.

  • Vedtak om kva bustad ein får tildelt er ikkje eit enkeltvedtak og gir såleis ikkje høve til klage.
  • Skjønnsvurderingar knytt til søkar sitt behov i forhold til andre søkarar kan ikkje bli klaga på.

Klagen skal sendast til tenestekontoret, slik at me kan vurdera om det er grunn til å endra vedtaket. Dersom klagen ikkje vert tatt til følge, sender me klagesaka til statsforvaltaren i Rogaland for endeleg avgjerd.

Det er pasient- og brukarombod i alle fylker. Der kan du venda deg dersom du har behov for råd, rettleing og informasjon om rettar som brukar eller pårørande.

Hjelp til å søka

Dersom du har behov for hjelp til å fylla ut søknadsskjema, ta kontakt med tenestekontoret. Sjå kontaktinformasjon å denne sida.

Behandling, tildeling og innflytting

Administrativ tildelingsnemnd har møte om lag ein gong per månad og behandlar søknadane fortløpande.

Om det tar meir enn 1 månad før søknaden blir behandla, skal det sendast ut foreløpig svar med antatt tidsramme for vedtak.

Søkar får brev i posten med informasjon om vedtaket. Om tildeling er gjort, får søkar frist til å svara på om tilbodet vert mottatt. Innflytting skal skje innan innflyttingsfristen som er sett i vedtaket.

Foreløpig bortfall av rett til leige

Vedtaket fell bort når:

  • Søkar utan sakleg grunn avslår bustadtilbodet, har gitt mangelfulle opplysingar eller bevisst har gitt urette opplysingar i søknaden.
  • Søkar sin situasjon er endra frå søknadstidspunkt til tidspunkt for inngåing av leigekontrakt, slik at søkar ikkje lengre følgjer grunnkrava for å leiga kommunal bustad for vanskelegstilte.

Dersom vedtak om leige av kommunal bustad fell bort, vert det gjort eige vedtak om bortfall. Vedtaket vert oversendt søkar, med informasjon om moglegheiter for tildeling av kommunal bustad i framtida.

Søkarar som takkar nei til tildelt bustad kan ikkje søka på ny før det har gått 6 månadar.

Leigekontrakt

Tilhøvet til leigetakarane vert regulert av Husleigeloven, samt i eigne avtalar som vert inngått i høve til bustadar med spesifisert føremål og/eller leigetakar sitt behov for oppfølging i bustaden.

Utleige av tilrettelagde bustadar til vanskelegstilte skjer i samsvar med Husleigeloven § 11-1.

Byte av bustad

Leigetakar av kommunal bustad kan søka om å få byta til annan bustad. Det vert utvist streng praksis ved søknad om byte. Vanleg søknadsskjema skal nyttast, sjå lenke over. Byte kan skje om:

  • Bustaden er ueigna på grunn av helsemessige årsaker.
  • Det er endringar i husstanden sin storleik.
  • Bustaden er ueigna på grunn av tungtvegande, sosiale forhold.

Oppseiing av bustad

Oppseiing skal skje på eige skjema. Oppseiingstida er 1 månad, og ein kan seie opp den 1. eller den 15. kvar månad. Husleige skal betalast i oppseiingstida sjølv om nøkkel blir levert inn før oppseiingstida er over.

Kontaktinformasjon

Tenestekontoret
Telefon 53 65 60 50

Berit Ølfarnes: 53 65 60 50
Monica Stødle Velde: 53 65 60 47

Opningstid
Klokka 08.00 - 15.30

Besøksadresse
Rådhuset, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen 

Postadresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen