Følgekort for personar med nedsett funksjonevne

Kva tilbyr me?

  • Hvis du treng følge eller assistanse for å gå på kultur- eller fritidsarrangement, kan du søka om følgekort.
  • Følgekort er ikkje noko ein har rett på. Det er kommunen som avgjer om du skal ha dette tilbodet.
  • Har du fått innvilga følgekort skal det gi den personen som følger deg gratis eller rabattert tilgang til ei rekke kultur- og fritidsarrangement. Du betalar inngongsbilletten, medan ledsagaren din kjem inn gratis eller får rabatt.

Kven kan få følgekort?

Hvis du har ei eller annen form for sjukdom eller nedsatt funksjonsevne som medfører at du er avhengig av å ha med deg ledsagar på kultur- og fritidsarrangement, kan du søka om følgekort. 

Følgekort kan mellom anna vera aktuelt for personar med:

  • Rørslehemming
  • Høyrslehemming
  • Synshemming
  • Utviklingshemming
  • Allergiar
  • Funksjonsnedsetting som følge av sjukdom, for eksempel psykiske lidingar, hjartesjukdommar, lunge sjukdomar og anna.

Kvar kan du bruka følgekort?

Det er den enkelte arrangør eller tilbydar som avgjer om dei aksepterer følgekort, og kva rabatt følgekortet i så fall gir. Du må venda deg direkte til arrangøren eller tilbydaren med spørsmål om dei aksepterer følgekort.

Slik søker du

Søknad om følgekort (PDF, 31 kB)

Fyll ut søknadsskjemaet og send det til 

Servicetorget, Vindafjord kommune, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen.

Eller bruk eDialog for å senda søknaden sikkert digitalt.

Hugs å legga ved bilde/passfoto.

Hjelp til å søka

Dersom du har behov for hjelp til å fylla ut søknadsskjema, kan du kontakta servicetorget ved rådhuset i Ølen.

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Søknadar vert behandla fortløpande.

Klagerett

Om du får avslag på søknad om følgekort, kan du klaga på dette. Kommunen skal gi deg rettleiing i korleis du klagar.

Klagen skal sendast til kommunen, som skal vurdera søknaden din på nytt.