Brukarstyrt personleg assistanse (BPA)

Kva er BPA?

Målet med brukarstyrt personeleg assistanse (BPA) er å gi personar med stort hjelpebehov større fridom til å styra tenestene og kvardagen sjølv.

BPA er ein måte å organisera praktisk bistand og opplæring på for personar med langvarig og stort behov for personleg assistanse. Meir informasjon finn du i pasient- og brukerrettighetsloven § 2-1 d.

Kven kan få tilbodet?

Brukarstyrt personleg assistent (BPA) blir gitt til dei som etter kommunen sine vurderingar har rett på det.

For å ha rett til å få bistand organisert som BPA, må du

  • vera under 67 år
  • ha behov for bistand ut over 2 år og meir enn 32 timar per veke.

Er hjelpebehovet ditt mellom 25 og 32 timar per veke, har du rett til BPA dersom kommunen ikkje kan dokumentera at BPA-organisering vil vera vesentleg dyrare for kommunen sammenlikna med dei resurssane kommunen elles ville brukt på tenestetilbod til deg.

Praktisk informasjon

Når praktisk bistand og opplæring blir organisert som BPA, er det brukaren sjølv, eventuelt med bistand, som organiserer og leiar arbeidet assistentane utfører. Det er eit krav at arbeidsleiarrolla blir forsvarleg ivaretatt.

Dersom du sjølv ikkje meistrar dei daglege gjeremåla og trenger hjelp til dette, kan du søka om hjelp. Målet er at du skal vera i stand til å bu heime lengst mogleg.

Konsesjonsavtale

Kommunen har konsesjonsavtale med følgande firma som gir tenester etter enkeltvedtak regulert av kommunen:

  • Stendi Assistanse AS
  • Assent AS 
  • Ecura Hjemmetenester BPA AS
  • Medvind assistanse AS 
  • HAV  2 care AS 
  • Mio BPA AS 
  • Human Care AS 
  • JAG assistanse AS 
  • Prima Assistanse AS 
  • Uloba Independent Living Norge SA 

Tenestekontoret i kommunen vurderer dine rettar og kan bistå ved val av firma.

Slik søker du helse- og omsorgstenester

Kontaktinformasjon

Tenestekontoret
Telefon 53 65 60 50

eDialog - sikker innsending
eDialog er ei løysing for å sende dokument elektronisk på ein trygg måte.
Denne bør brukast når du skal sende:
- private opplysningar
- sensitive opplysningar
- helseopplysningar
eDialog - lenke til sikker innsending av brev og dokument 

Kontaktpersonar:
- Monica Stødle Velde: 53 65 60 47

Opningstid
Klokka 08.00 - 15.30

Besøksadresse
Rådhuset, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen 

Postadresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen