Kva tilbyr me?
- Dersom du eller andre i familien din har omsorg for eldre, personar med nedsatt funksjonsevne, personar med psykisk utviklingshemming eller andre pleietrengande, kan de søka om ulike avlastingstilbod.
- Slik avlasting kan ein få både i og utanfor heimen.
- Eit dagtilbod eller korttidsopphald på sjukeheim er døme på slike tenester.
- Tilbodet skal skapa tryggleik for brukar.
Avlastingstiltak for vaksne og eldre
Avlastningstiltak kan bli gitt i form av tenester til omsorgsmottakar:
- Praktisk bistand
- Heimeteneste
- Aktivitet/dagtilbod
- Korttidsopphald på institusjon eller bufellesskap med eller utan fast rullering
Tildelingskriterier
- Søkar har belastande omsorgsoppgåver utover det som kan forventast.
- Omsorgsoppgåvene er psykisk og/eller fysisk belastande, inneberer nattarbeid eller avbrot i nattesøvn, fører til sosial isolasjon og/eller mangel på ferie og fritid.
- Søkar har redusert kapasitet og omsorgsevne grunna eigen helsetilstand eller sjukdomstilfelle.
Avlastingstiltak for barn og unge
Avlasting er eit tilbod til pårørande som har særleg tyngande omsorgsarbeid for barn og unge under 18 år som er vesentlig meir krevande enn pårekneleg.
Kommunen ønsker primært at barn og unge får tilbod i private heimar hos familiar der ein vaksen er tilsett som avlastar. Ved tungtvegande årsaker kan avlasting bli gitt på bemanna bufellesskap med heildøgnsbemanning.
Tildelingskriterier
- Omsorgsarbeidet er særleg tyngande i form av psykisk og/eller fysisk belastande omsorgsarbeid som inneberer nattarbeid eller avbrot i nattesøvn, fører til sosial isolasjon og/eller mangel på ferie og fritid.
- Tenesta blir vurdert i samanheng med det totale tilbodet til omsorgsmottakar.
Sist endra 04.08.2025 13.34