Kven kan søkje?
Du kan vere i målgruppa for ordinært startlån dersom du:
- har langvarige problem med å få lån i vanleg bank
- har behov for ein trygg og varig bustad
- har inntekt eller ytingar som gjer at du kan betene lån over tid
- ikkje kan løyse bustadbehovet ditt på annan måte
Du treng ikkje å ha oppspart eigenkapital for å kunne få ordinært startlån, men kommunen må vurdere at du har betalingsevne over tid.
Arbeid og startlån: Dersom du ikkje får tilstrekkeleg lån i vanleg bank, kan startlån i enkelte tilfelle vere aktuelt dersom det kan bidra til at du tek arbeid eller blir buande og arbeider i Vindafjord.