Fri rettshjelp

Fri rettshjelp er eit tilbod oppretta av det offentlege for å hjelpa personar med nødvendig juridisk bistand uavhengig av eigen økonomi.

Tilbodet går ut på at staten i saker som er sett spesielt viktige for folk si velferd heilt eller delvis dekkar utgifter ved rettshjelp.

Rettshjelpordninga gjeld sivile saker, og blir supplert av anna regelverk om forsvararoppnemning og bistandsadvokat på det offentlege sin kostnad.

Fri rettshjelp blir som hovudregel gitt berre til personar, og ikkje til bedrifter og organisasjonar.

Fri rettshjelp blir gitt som fritt rettsråd, fri sakførsel eller fritak for rettsgebyr:

  • Fritt rettsråd blir gitt av privatpraktiserande advokater og rettshjelparar.
  • Fri sakførsel blir gitt berre av privatpraktiserande advokatar.
  • Fritak for rettsgebyr betyr at ein slepp å betala for å få behandla saka i rettsapparatet.

Meir om fri rettshjelp, vilkår og økonomiske vilkår finn du her.