Opplysing, råd og rettleiing

Du har rett til å få opplysing, råd og rettleiing som kan bidra til å løysa eller førebygga sosiale problem.

Kva tilbyr me?

  • Alle offentlege kontor har plikt til å rettleia om si eiga verksemd.
  • Dersom du treng hjelp frå andre offentlege instansar, skal kommunen og NAV-kontoret hjelpa deg med å oppretta kontakt slik at du får den hjelpa du treng.
  • Det kan også vera behov for at fleire instansar samarbeider for å kunna gi deg best mogleg hjelp. Dersom du ønsker det, kan NAV til dømes samarbeida med skule, oppfølgingsteneste, barnevern, barne- og ungdomspsykiatri og distriktspsykiatriske senter (DPS).

Kven kan få opplysing, råd og rettleiing?

Du har rett til opplysing, råd og rettleiing uavhengig av om du allereie er i ein vanskeleg livssituasjon eller om du tek imot andre tenester frå NAV. Du må vanlegvis sjølv ta kontakt med NAV-kontoret ditt for å få råd og rettleiing. Då vil NAV-kontoret tilby deg ein samtale om livssituasjonen din.

I nokre tilfelle kan også NAV-kontoret på eige initiativ gi informasjon, råd og rettleiing dersom det kan bidra til å løysa eller førebygga sosiale problem.

Dersom du får økonomisk sosialhjelp, kan råd og rettleiing bidra til å støtta opp under moglegheitene dine til å klara deg sjølv.

Korleis søker du?

Du kan søka om tenesta opplysning, råd og rettleiing.

Digital søknad finn du her.

Søknadsskjema på papir finn du her. (PDF, 581 kB)

Teieplikt

Alle som jobbar i NAV har teieplikt. Du kan be om at ein rådgjevingssamtale blir gjennomført  på ein skjerma stad.

Chat med oss

På nav.no kan du få svar på generelle spørsmål på Chat om sosiale tenester og økonomisk sosialhjelp.

Kontaktinformasjon

NAV Vindafjord-Etne
E-post
Telefon 55 55 33 33

Husk at det ikkje må sendast personsensitive opplysningar på e-post.

Opningstider
Måndag - fredag klokka 12.00-14.00 

Besøksadresse
Rådhuset, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Postadresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Profilbilde av Rune Slotten
Rune Slotten
Teamleiar
NAV
E-post
Telefon 55 55 33 33
Profilbilde av Kristin Tofte
Kristin Tofte
Einingsleiar
NAV Vindafjord-Etne
E-post
Telefon 55 55 33 33