Vindafjord kommune og Etne kommune buset mange flyktningar som deltek i kommunen sitt introduksjonsprogram. Målet med introduksjonsprogrammet er å få busetta flyktningar i arbeid og utdanning. For å lukkast med dette er det no eit stort behov for praksisplassar. Mange av flyktningane har med seg kompetanse og erfaring frå heimlandet som dei ynskjer å få bruka også i Noreg.
Praksis betyr at deltakaren er under opplæring på ein ordinær arbeidsplass og mottar introduksjonsstønad, i staden for løn. Praksis kan vera eit tiltak i introduksjonsprogrammet på nokre få timar i veka til fleire dagar i veka.
Følgjande yrker og bransjar er det no ynskjeleg å få tak i praksisplassar i:
- Logistikk
- Rekneskap
- Kranførar
- Butikk
- Velvære
- Reinhald
- Undervisning
- Elektro
- Barnehage
- Blomsterbutikk
- Tømrar
- Matlaging
- Omsorgssenter
- Apotek
- Bilverkstad
- Treningsstudio
Føremålet med praksis
Føremålet med praksis kan variera etter deltakars behov, mål og plan. Føremålet med praksis kan for eksempel vera:
- Å praktisera norsk i autentiske arbeidssituasjonar.
- Å kopla teoretisk kunnskap og praksis innanfor eit yrke/fag.
- Å styrka grunnleggande ferdigheiter.
- Å få kartlagt kompetanse og avklart vidare kvalifiseringsbehov.
- «Jobbsmak»; kort praksis som gir deltakaren innblikk i ein bransje eller eit yrke.
- Å visa fram sin kompetanse for ein arbeidsgjevar og få ordinær jobb.
- Å vidareutvikla sine norskferdigheiter opp til eit gitt nivå for å bli tilsett hos ein aktuell arbeidsgivar.
- Å få arbeidserfaring og ein referanse.
- Å styrka nettverk og kulturell kompetanse.
- Å tileigna seg kunnskap om arbeidslivet.
Dersom ein arbeidsplass kan tilby ordinært arbeid, anten som vikariat eller fast arbeid, kan deltakaren takke ja til dette. Introduksjonsprogrammet kan gjennomførast på deltid eller det kan bli gitt midlertidig stans. Under ordinært arbeid skal deltakeren motta løn på lik linje med andre tilsette på arbeidsplassen.
Flyktningar som ikkje deltek i introduksjonsprogrammet eller som har fullført introduksjonsprogrammet har rett på oppfølging frå NAV. Nokre av verkemidla til NAV kan også nyttast medan deltakarar framleis er i introduksjonsprogrammet. Ta gjerne kontakt med oss dersom di bedrift ynskjer å bidra med inkludering gjennom NAV for å få fleire i jobb.
Du kan lesa meir om inkludering gjennom NAV her
Kontaktpersonar for introduksjonsprogrammet:
Ashraf Sabbagh
Telefon: 412 88 590
E-post: ashraf.fawaz.sabbagh@nav.no
Tom Tønnesen
Telefon: 940 33 487
E-post: tom.hove.tonnesen@nav.no