Bustønad

Bustønad er ei behovsprøvd statleg støtteordning for deg som har låg inntekt og høge bukostnadar.

Kva tilbyr me?

  • Husbanken og kommunen samarbeider om bustønadordninga.
  • Husbanken fattar vedtaka, men det er kommunen som registrerer søknadane og har all kontakt med deg som søkar. 

Her kan du sjekka om du kan ha rett på bustønad: Bustøttekalkulator

Krav til søkar

Alle over 18 år kan søka bustønad, bortsett frå studentar og personar i førstegongsteneste.

Du kan likevel søka dersom du 

  • er student med barn.
  • er student utan barn og studiet er ein lekk i eit offentleg arbeidsretta tiltak.
  • er under 18 år og har eigne barn.
     

Du må bu i bustaden du søker bustønad for. Alle som bur i bustaden, må også vera registrerte i folkeregisteret.

Bustaden din må vera godkjent for heilårsbruk. Samstundes må bustaden ha eigen inngang, eige bad og toalett, og det må vera mogleg å kvila og laga mat der. Bur du i bufellesskap og har fått tilvist bustaden av kommunen, kan du likevel søka bustønad. 

Når du søker må du legga ved kopi av husleigekontrakta din, dersom du leiger bustad. Eig du bustaden din, må du legga ved nedbetalingsplan for bustadlånet.

Grenser for inntekt

Det er sett øvre grenser for kor høgt inntektsgrunnlag du kan ha for å kunne få bustønad.

Slik søker du

Du kan søka elektronisk på Husbanken sine nettsider.

Dersom du har behov for å søka på papir, kan du bruka dette søknadsskjemaet (PDF, 581 kB).

Søknadsfristen for bustønad er den 25. kvar månad. Utbetalinga kjem rundt den 20. i månaden etter. 

Papirsøknad skal du senda til NAV Vindafjord-Etne, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Meld frå om endringar

Dersom du får innvilga bustønad, treng du ikkje søka kvar månad. Men du må melda frå skriftleg til kommunen

  • dersom det skjer vesentlege endringar i inntekt og formue (då må du senda inn eige skjema).
  • dersom du/de flyttar til ein ny bustad (då må du også søka på nytt).
  • dersom ein eller fleire personar flyttar inn eller ut av bustaden.
  • dersom bukostnadene endrar seg.
  • dersom ein i huslyden blir student.

Endringar skal meldast inn her

Klagerett

Dersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klaga innan 3 veker frå du fekk melding om vedtaket. I nokre høve må du fylla ut eit eige klageskjema.

Klagen skal du senda til Vindafjord kommune, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Klage på vedtak om bustønad sender du elektronisk her.

Ønsker du å søka bustønad for komande månader, må du senda inn ny søknad til kommunen.

Meir informasjon

Du finn meir informasjon om bustønad på Husbankens bustønadsider.

Du kan også ta kontakt med NAV Vindafjord-Etne for å få hjelp og rettleiing. 

Regelverk

Lov om bostøtte

Forskrift om bustønad

Kontaktinformasjon

NAV Vindafjord-Etne
E-post
Telefon 55 55 33 33

Husk at det ikkje må sendast personsensitive opplysningar på e-post.

Opningstider
Måndag - fredag klokka 12.00-14.00 

Besøksadresse
Rådhuset, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Postadresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Profilbilde av Rune Slotten
Rune Slotten
Teamleiar
NAV
E-post
Telefon 55 55 33 33
Profilbilde av Kristin Tofte
Kristin Tofte
Einingsleiar
NAV Vindafjord-Etne
E-post
Telefon 55 55 33 33