Etne og Vindafjord legevakt

Om liv og helse står på spel, ring 113.

Kontakt

  • Legevakta har telefon 116 117.
  • Nummeret er betjent heile døgnet av Haugesund legevaktsentral.
  • Besøksadresse: Eiabakken 7, 5580 Ølen
  • Har du bruk for tannlegevakta, sjå lenger ned.

Opningstider

  • Kvardagar: 15.30-23.00
  • Helger og helligdagar: 08.00-23.00

Slik finn du oss: Ta av frå E 134 og køyr mot den nye brann- og ambulansestasjonen. Køyr opp på høgre sida av bygget. Der er det stor parkeringsplass.

Sjukdom og skade som ikkje kan venta

Etne og Vindafjord legevakt skal gje strakshjelp – utanom fastlegen si opningstid – til alle som oppheld seg i Etne og Vindafjord kommune.

Legevakta er for akutt, alvorleg sjukom og skade som ikke kan venta til neste dag.

Ved behov for strakshjelp i vanleg kontortid må du som pasient kontakta fastlegen din.

Legekontora i Vindafjord finn du her.

Praktisk informasjon

Me oppfordrar alle til å ringa legevakta først, ikkje køyra dit utan avtale. Du får då ei vurdering av sjukepleiar ut frå norsk indeks for medisinsk nødhjelp.

Ut frå opplysningane som kjem fram i samtalen, blir du enten gitt råd og rettleiing, eller får avtale om legekonsultasjon.

Ventetid

Det er inga ordinær køordning. Ut frå ei fagleg vurdering vil det som hastar mest gå framfor andre pasientar som ventar.

Hastegradar

Alle pasientar blir delt inn i hastegradar:

  • raud respons – umiddelbar hjelp
  • gul respons – blir vurdert etter kor alvorleg sjukdom eller skade er
  • grønn respons – blir vurdert som ikkje akutt. Du må venta på ledig kapasitet, eller blir vist til fastlegen din.

Reseptar

Legevaktlegen skriv berre ut medisinar som gjeld den aktuelle behandlinga. Vanedannande medisinar (gruppe A og B) blir ikkje skrive ut ved legevakta.

Sjukemelding

Legevakta sjukemelder berre i korte periodar. Forlenging og anna oppfølging er det fastlegen til pasienten som står for.

Andre viktige adresser og lenker

Haugesund legevakt

Apotekvakt Haugesund

Meir informasjon om korleis legevakta skal brukast finn du her.

Tannlegevakta

Tannlegevakt Haugesund held til i Haugesund tannklinikk. Adressa er Haraldsgata 139 (Victoriahjørnet, inngang frå hjørnet Sørhauggata og Kaigata), 5527 Haugesund. Vakttelefon: 901 29 600

Opningstid

  • Akuttbehandling helger og helligdagar: 13.00-17.00
  • Telefonen er betjent: 13.00-16.30