Fastlege

Alle innbyggarar i Noreg har rett til ein allmennpraktiserande lege som sin faste lege. Fastlegen har plikt til å prioritera innbyggarar på eigen liste.

Nettbasert teneste

Du kan sjølv finna og byta fastlege på nettstaden MinFastlege.

Der finn du også ut:

  • kva fastlege du har
  • fastlegen si adresse og telefonnummer 
  • korleis du byter fastlege
  • korleis du kan melde deg inn eller ut av ordninga
  • korleis du søker fastlege etter forskjellige kriterium 
  • kor mange gonger til du kan byta 
  • kven du har hatt som fastlege tidlegare  

Har du ikkje moglegheit til å byta fastlege på nettet?

Ring NAV Helsetjenesteforvaltning på telefon 810 59 500 

Ha fødselsnummeret ditt (11 siffer) klart før du ringer.

Bytet gjeld frå den første dagen i månaden etter at det er registrert. Du vil få eit brev som stadfestar at du har fått ny fastlege.

Legekontor i Vindafjord

Reglar for byte av fastlege

Du kan byta fastlege to gonger per kalenderår. I tillegg kan du byta fastlege om du flyttar, eller om fastlegen sluttar eller reduserer lista si.

Du kan fritt velja mellom fastlegar som har ledig kapasitet. Ei oppdatert oversikt finn du på MinFastlege.

Det er ikkje mogleg å setta seg på venteliste hos ein fastlege som har full liste. Nokre grupper har likevel rett til å koma inn på lista sjølv om lista er full.

Dette gjeld

  • barn under 16 år med foreldre eller føresette på lista 
  • innbyggarar som flyttar tilbake til kommunen innanfor ein tidsperiode på tre år, og som ønsker same fastlege som tidlegare

Du kan velja fastlege i ein annan kommune enn der du bur.

Overføring av journal

Om du ønsker at journalen skal bli overført til ny fastlege, må du betala eit gebyr til din tidlegare lege. Dette gebyret blir ikkje ført på eigendelskortet. Du må betala det uavhengig av om du har frikort eller ikkje.

Kommunen sitt ansvar er å ha nok fastlegar. Kommunen har ikkje moglegheit til å påverka listeplassering av innbyggarane sine. Då må du kontakta fastlegeordninga på telefon 810 59 500.

Hugs å melda flytting til folkeregisteret

Når du har meldt flytting til folkeregisteret, får du brev frå NAV som informerer deg om retten til å velja ny fastlege.

Hugs at du også skal melda flytting sjølv om du flyttar innan eigen kommune. 

Du finn flyttemeldingsskjema på Skatteetaten sine heimesider.