Fysioterapi for barn

Ein treng ikkje tilvising frå lege for å få time hjå fysioterapeutane i kommunen. Dette gjeld både for dei kommunale og dei private med driftstilskot.

Alle barn har gratis fysioterapi til den dagen dei blir 16 år. Dette gjeld både hos kommunal og privat fysioterapeut med driftstilskot.

Det er fysioterapeut tilknytt helsestasjonen. Ho arbeider med barn og unge individuelt, i grupper, på skule og i barnehage. Ho jobbar både med behandling, trening, rådgjeving og hjelpemiddelformidling.

Ta kontakt med Liv Kjersti Hustveit på mobil 41 22 85 89.