Friskliv

Her finn du tips, verktøy og kurs som kan hjelpa deg i gang dersom du vil endra vanar og ta betre vare på helsa di. Målet er å gi folk i kommunen litt ekstra støtte til å kjenna seg betre, meistra meir og få ein sunnare kvardag.

Psykisk helse 

Mann som sitter i lotusstiling i skogen - Klikk for stort bilete Pexels/Tobias Bjørkli

Slik tek du vare på den psykiske helsa
Her finn du råd og tips som kan hjelpa deg å styrkja den psykiske helsa og oppleva betre livskvalitet i kvardagen. Du får òg informasjon om kvar du kan få støtte og hjelp dersom livet kjennest krevjande.

Gode råd om korleis ta vare på den psykiske helsa

ABC for god psykisk helse

Grubl
Vil du bruka mindre tid på grubling og bekymringar, men er usikker på kor du skal byrja? Då kan Grubl vera appen for deg.

Prøv Grubl

Logo Grubl - Klikk for stort bilete

Sjølvhjelpsvideoar
Sjølvhjelpsvideoar gir praktiske og konkrete verktøy som kan hjelpa deg å handtera ulike utfordringar i kvardagen.

Mot depresjon

Mot panikkangst

Mot sosial angst

Opp - ein app for betre psykisk helse og trivsel for unge

Opp gir unge kunnskap og ferdigheiter for å meistra utfordringar og for å handtera stress, tankar, kjensler og sosiale relasjonar. 

Opp har som mål å gjera unge betre rusta til å handtera utfordringar dei møter, og kan derfor ha ein førebyggjande effekt for seinare vanskar.

Prøv Opp

Illustrasjon app UIT - Klikk for stort bilete

Kosthald

Eit sunt og variert kosthald er viktig for både helse og trivsel. 

Når du et allsidig og næringsrik mat, kan du redusera risikoen for livsstilssjukdomar og få meir energi gjennom dagen.

Gode matvanar i kvardagen gir kroppen det han treng for å fungera best mogleg – både fysisk og mentalt.

Fysisk aktivitet

Du treng ikkje ta harde økter for å styrka helsa – kvar einaste rørsle gjer godt. Når du gjer små justeringar i kvardagen, kan det over tid gi stor positiv effekt på både energi, humør og livskvalitet.

På Helsenorge finn du gode råd og verktøy som kan hjelpa deg i gang med meir fysisk aktivitet.

Har du lyst å vera med på frisklivstrening, eller er du nysgjerrig på andre kurs me tilbyr?

Les meir her

Knyter skoene - Klikk for stort bilete Pexels

Gå10 – app

  • Gå10 er eit enkelt verktøy for deg som ønskjer meir kvardagsrørsle og treng litt ekstra motivasjon. 
  • Appen registrerer minutta du går, og du får ekstrapoeng når du held eit raskt tempo. 
  • Ein god måte å gjera det lettare å koma i gong med meir aktivitet.

Prøv GÅ10 her

Søvn

God søvn er viktig for både den fysiske og den psykiske helsa. Mange opplever søvnvanskar i kortare eller lengre periodar, og for fleire er dette ei av dei vanlegaste helseplagene i kvardagen.

Snus- og røykeslutt

Friskliv og meistring tilbyr gruppebasert rettleiing for deg som vil slutta. 

Her kan du òg finna nyttige tips og råd for å bli snus- eller røykfri.

Slutta-appen på mobil - Klikk for stort bilete Illustrasjon: Helsedirektoratet

Slutta -app
Slutta er en gratis app som kan gjøre det lettere for deg å slutte med røyk, vape og snus. Med Slutta-appen får du daglige motivasjonsmeldinger som kan hjelpe deg. Den gir også råd og tips, og en oversikt over tiden siden du slutta.

Prøv Slutta

Fallførebygging

Mange eldre opplever fall kvar år, og risikoen aukar gjerne med alderen. Regelmessig trening er eitt av dei mest effektive tiltaka for å førebyggja fall. 

Øvingar som styrkjer balanse, musklar og tryggleik i rørsla, kan gjera kvardagen både tryggare og meir aktiv.

Balansegruppa er eit tilbod for deg som har redusert balanse eller kjenner deg ustø i kvardagen. Her får du trena saman med andre og øva på bevegingar som styrkjer stabilitet og meistring.

Korleis har du det?

Kvinne med ansiktet mot vinduet - Klikk for stort bilete Pexels

Korleis har du det?

Sjekk livsstilen din og få svar på kva du kan ta tak i for å forbetre helsa. 

Testen tar omtrent 10 minuttar.

Ta testen her

Kontakt Frisklivssentralen

Her kan du kontakta Frisklivssentralen

Desse tilbuda har Frisklivssentralen