Ergoterapi

Kommunen har ein kommunal ergoterapeut. Du treng ikkje tilvising frå lege for å koma i kontakt med ergoterapeut. Tenesta er gratis.

Ergoterapeuten jobbar for at folk skal kunna bu heime lengst mogleg og i størst mogleg grad utføre kvardagsaktivitetar sjølv.

Ergoterapeuten gjer kartlegging i heimen, formidlar nødvendige hjelpemiddel og rettleiar i forhold til ombygging av bustad.

Ønskjer du å bu heime lengst mogeleg, men ser at det er litt utfordrande i forhold til funksjon? Då kan det vera lurt å ta kontakt med kommunen sin ergoterapeut.

Kontakt Tina Günther på mobil 91 36 87 12.