Handlebussen i Vindafjord

Handlebussen er eit trygt og sosialt tilbod for deg som treng litt ekstra hjelp. 

Handlebussen ved Joker Vats,  - Klikk for stort bilete Marianne Log Rødde

Kva er handlebussen?

Handlebussen er eit tilbod for deg som ikkje kjem deg til butikken ved eiga hjelp. Kvar veke køyrer bussane heim til brukarane, hentar dei ved døra og tek dei med til næraste lokalbutikk. Her får ein god tid til å handle sjølv, ta ein kopp kaffi og slå av ein prat før varene blir frakta heim og sett på døra igjen.

Tilbodet gir både praktisk hjelp og eit viktig sosialt møtepunkt i kvardagen. Det å handle sjølv gir ofte betre matlyst, større meistring og høgare livskvalitet – og samtidig styrkjer det dei lokale butikkane våre. 

Historikk - frå idé til fast tilbod

Handlebussen starta opp 8. februar 2019. Frå mai same år gjekk det to handlebussar: ein til Joker Vikebygd og ein til Matkroken i Imsland. Handlebussprosjektet blei starta som ein del av prosjektet Vakre Vindafjord, etter ein idé frå Gunn Vikingstad, butikksjef ved Joker Vikebygd. Dei to første åra var bussen finansiert av prosjektet, men frå mai 2022 fekk Handlebussen midlar frå Rogaland fylkeskommune, og Kolumbus tok over drifta. Samstundes blei det òg sett i gang ein ny Handlebuss til Joker på Knapphus.

Her er ein presentasjon om prosjektet frå start til i dag: handlebussen 05.01.26.pdf

Tre handlebussar i drift

I dag har kommunen tre Handlebussar som kvar veke køyrer faste ruter: 

  • Henting heime
  • Køyring til butikk
  • Handletid
  • Kaffi og sosialt samvær
  • Retur heim – med hjelp til varene

Dette er eit tilbod for alle som har utfordringar med å komme seg til butikken på eiga hand.

heim og hentar kunden heime hos seg sjølv og køyrer vidare til butikken. Der blir det ei god handleøkt først, så kosar dei seg med kaffe og ein god drøs før dei får hjelp med varene og blir køyrd heim til døra.

Brukarerfaring og tal

Kolumbus registrerer alle passasjerar på Handlebussen. Frå mai til desember var det om lag 500 brukarar, noko som tilsvarar rundt 750 brukarar på eitt år. Bussane har aldri vore tomme, og mange brukar dei jamleg.

Erfaringa er at det kan ta litt tid før nye vågar å prøve – men dei som har vore med ein gong, blir nesten alltid med vidare.

Praktisk informasjon

Påmelding

  • Meld deg på til aktuell butikk dagen før. Telefonnummeret finn du på plakatane for kvar butikk under.
  • Sjåføren får adressene og plukkar deg opp heime hos deg

Kven kan bruke Handlebussen?
Alle som slit med å komme seg til butikken ved eiga hjelp – men ønskjer å handle sjølv og ha eit sosialt avbrekk i veka.

Slik kjem du i gong
Slit du med å komme seg til butikken? Då er Handlebussen for deg.
Meld deg på til di lokale butikk innan torsdag – sjå informasjon under.

Handlebussen i ditt område:

Velkomen om bord!

Me ønskjer ny kunder hjarteleg velkommen på handlebussen - eit trygt, sosialt og viktig tilbod for innbyggjarane våre.

Artikkelliste

Kontaktinformasjon

Handlebussen i Vats
Telefon 90 05 90 67

For plass, ring inn torsdag før klokka 14.00

Handlebussen i Imsland
Telefon 99 64 72 26

For plass, ring inn torsdag før klokka 14.00

Handlebussen i Vikebygd/Bjoa
Telefon 53 76 91 69

For plass, ring inn torsdag før klokka 14.00