Kva tilbyr me?
- Helsesjukepleiar er tilgjengeleg med blant anna samtaletid og drop in-tilbod.
- Legekontroll og oppfølging
- Ulike spørsmål om fysisk og psykisk helse
- Rettleiing om samspel og spørsmål knytta til foreldrerolla, barn- ungdom
- Grupper - foreldrerettleiingsprogram
- Undervisning ved barnehage og skular
- Skulehelsetenesta deltek i blant anna avsvarsgrupper, og kan sørga for tilvising vidare til dømes til fastlege, familieteam, PPT, ergoterapeut, fysioterapeut, SLT-koordinator, spesialisthelsetenesta og tannhelsetenesta.
Følg oss gjerne på Facebook
Kontakt
Under finn du kontaktinformasjon til helsesjukepleiarane på dei ulik skulane.
Skulehelsetenesta grunnskule
Trefftider Ølen skule
1.-4. klasse:
Tysdagar og onsdagar kl 08.30 - 14.00
Sølvi Haraldseid
5.-10. klasse:
Tysdagar, torsdagar og fredagar kl 08.30 – 14.00
Maria Lilleskog Eikeland
Trefftider Bjoa skule
Annakvar tysdag (partalsveker) kl 11.00 – 13.00
Stine Hamre
Trefftider Vikedal skule
Mandagar 08.30-14.00.
Onsdagar 08.30-14.00.
Tone Haugen Moe
Trefftider Imsland skule
Etter avtale
Hilde Bjerkreim
Trefftid Vågen skule
Kvar fredag klokka 08.30-14.00.
Sølvi Haraldseid
Trefftider Vik skule
Annakvar tysdag (partalsveker) kl 08.00 – 10.30
Stine Hamre
Trefftider Skjold skule 1. - 10. trinn
Mandagar, onsdagar, torsdagar og fredagar klokka 08.30-14.00.
Stine Hamre
Trefftider Vats skule
Kvar torsdag klokka 08.30-14.00.
Tone Haugen Moe
Trefftid
Kvar fredag kl. 08.30-14.00.
Tone Haugen Moe
Skulehelsetenesta vidaregåande skule
Fast kontortid
Måndag klokka 08.30-14.00.
Torsdag klokka 08.30-14.00.
Sølvi Haraldseid
Fast kontortid
Torsdagar kl 09.15 – 16.45.
Wenche Strand Hauge
Kontakt via Digihelsestasjon
Digital helsestasjon er ei meldings- og kommunikasjonsteneste mellom innbyggarar og helsestasjonen, skulehelsetenesta, helsestasjon for ungdom (HFU), og jordmor.
Ungdom som synest det kan vera vanskeleg å møta fysisk eller koma seg til helsestasjonen for ungdom på rådhuset i Ølen, kan kontakta helsestasjonen for ungdom (HFU) gjennom digital helsestasjon og stilla spørsmål.
For å bruka digital helsestasjon, må du logga deg inn på helsenorge.no med BankID eller tilsvarande. Under «Se alle helsekontaktene dine» vil du finna din faste helsesjukepleiar eller jordmor.
Ungdom over 16 år må logga inn med eigen identifikasjon.
Les meir her
Til deg som er ung
Dersom du slit med vonde tankar eller har det vanskeleg heime, er det viktig å snakka med nokon du stolar på. Læraren din er på jobb og tilgjengeleg for deg.
Du kan også kontakta helsesjukepleiar. Helsesjukepleiar er tilgjengeleg på skulane for samtale. Me kan også møta barn og unge utanfor skulen og skuletid. Ein gåtur saman er ei fin moglegheit for samtale.
Er du 13 år eller eldre, kan du også ta kontakt med
Helsestasjon for ungdom
Målet for alt helsearbeid i skulen er at eleven skal
- sjå på helse som eit positivt ord.
- oppleva trivsel og tryggleik
- ha eit positivt sjølvbilete.
- forstå at helse også er eige ansvar
- oppleva at dei er ein ressurs for seg sjølv og andre.
Skulehelsetjenesten (SHT) er leia av avdelingsleiar for helsestasjon og skulehelseteneste, Hilde Sundal Bjerkreim.
Innkalling og kontrollar
Alle elevar vert kalla inn til lege når dei tar til på skulen. På seinare klassesteg vert ikkje alle elevar kalla inn, men dei vert kalla inn etter nasjonale faglege retningslinjer. Ein følger i tillegg opp dei elevar som SHT eller føresette meiner har trong for oppfølgande kontrollar.
Godt samarbeid med heimane er viktig, og me oppfordrar føresette til å kontakt om det er noko dei ønskjer å drøfta angåande barnet sitt.
Skulehelsetenesta i Vindafjord kommune har utarbeida Plan for skulehelsetenesta (PDF, 289 kB).
Informasjonsmateriell frå Helsedirektoratet
Lenke til brosjyre frå Helsedirektoratet "Hva skjer 11-13 år?" (PDF, 2 MB)