Familieteamet tilbyr rettleiing, støtte og oppfølging av familiar som går gjennom ein utfordrande periode i livet. Føremålet er å førebygga utvikling av fastlåste mønster i familien. Me ønsker å fremma god psykisk helse for born, unge og familiane deira. Familieteamet er ein del av helsestasjonen i Vindafjord kommune.
Teamet består av fagpersonar med helse-og sosialfagleg utdanning. Me har vidareutdanning innan familieterapi og psykisk helse. Alle i teamet er sertifiserte rettleiarar i foreldreveiledningskurset Trygghetssirkelen (COS-P).
Oppfølginga vert tilpassa den enkelte familie. Familieteamet sitt tilbod blir gitt i våre lokaler i rådhuset i Ølen, i heimen, på skulen eller i barnehagen.
Familieteamet arbeider etter lov om helsetenester i kommunane. Alle tilsette har teieplikt, og tilbodet er gratis.
Kva tilbyr me?
- Rettleiing av føresette
- Individuelle samtalar
- Samtalar med barn og ungdom
- Familiesamtalar
- Foreldrekurs, til dømes COS-P, Tuning into kids, Traumebevisst omsorg, Enkel og effektiv aggresjonskontroll
Kontaktinformasjon
Familieteamet i Vindafjord held til på rådhuset i Ølen. Føresette kan sjølv ta kontakt, gjerne via telefon.
Du kan få hjelp til å senda tilvising i samarbeid med helsestasjon, skule, barnehage eller andre du er i kontakt med i kommunen. Me har frist for å gje tilbakemelding på tilvising innan tre veker.
Her finn du tilvisingsskjema (PDF, 491 kB)
Andre interkommunale tilbod
Det fins andre å kontakta i regionen, dersom familien har det vanskeleg. Familievernkontoret på Haugalandet, og Krisesenter Vest IKS er interkommunale tilbod som er lokalisert i Haugesund og på Stord.
Familievernkontoret på Haugalandet
Familievernet gir råd og rettleiing om samlivsproblem. Tenesta legg vekt på førebygging og oppfordrar om å søka hjelp på eit tidleg stadium for å unngå at konfliktane blir heilt fastlåste.
Tilbodet er gratis. For innbyggarar i kommunane Vindafjord, Bokn, Haugesund, Karmøy, Sauda, Suldal, Tysvær og, Utsira, kan ein kontakta familievernkontoret i Haugesund.
Kontoret er eigd av ei kyrkjeleg stifting. Alle familievernkontor arbeider etter same lovar og reglar.
Dei fleste kjem til familievernkontoret for rådgjeving og samtalar om kvardagsproblem, og når det er vanskar, konfliktar eller kriser i familien. På kontoret arbeider blant anna psykologar og sosionomar med vidareutdanning i familieterapi. Dei tilsette i familievernet har teieplikt.
Kurs og anna info frå Familievernkontoret på Haugalandet finn du her
Kontaktinformasjon til familievernkontoret i Haugesund
Telefon: 52 70 08 20
Postadresse: Postboks 388, 5501 Haugesund
Besøksadresse: Haraldsgata 98, Haugesund
E-post: familievernkontoret.haugesund@bufetat.no
Krisesenter Vest IKS
Er du kvinne, mann eller barn som er utsatt for vold eller truslar om vold i nære relasjonar?
Du kan ta direkte kontakt med kommunens krisesentertilbud, uten henvisning eller timeavtale. Krisesentertilbudet er gratis og tilgjengelig hele døgnet.
Krisesentertilbudet kan blant anna tilby
- Støtte og praktisk hjelp
- Råd og rettleiing
- Hjelp til bearbeiding
- Informasjon om rettar og molegheiter
- Advokatbistand
- Formidla kontakt med offentlege instansar
- Midlertidig butilbod i trygge omgjevnadar
Krisesentertilbudet har teieplikt
Ta gjerne kontakt med Krisesenter Vest IKS for ein uforpliktende samtale. Du kan vera anonym.
Krisesenteret har avdeling i Haugesund, telefon 52 72 98 84 og på Stord, telefon 53 41 12 12