Koronasertifikatet finn du på Helsenorge.no. Der kan du logga deg inn med mellom anna med bankID via PC, nettbrett eller smarttelefon.
For deg som ikkje har digital tilgang
For dei rundt 100.000 i Noreg som ikkje har digital tilgang, har FHI utvikla ein web-applikasjon som gjer det mogeleg for saksbehandlarar ved Helfo å hjelpa ikke-digitale brukarar som tar kontakt via informasjonstelefonen for korona.
Du som ikkje kan bruka smarttelefon, PC eller nettbrett, får tilsendt koronasertifikatet i posten. Du kan bruka tenesta om du er vaksinert eller immun etter gjennomgått covid-19.
Sertifikatet består av to delar
- Koronasertifikat for innanlands bruk
- Koronasertifikat for å passera grenser i EU- og EØS-området
Slik gjer du det
For å få hjelp må du gjera dette:
- Ha klart fødselsnummer eller d-nummer
- Ring informasjonstelefonen for korona. Opningstid klokka 08.00 - 15.30, måndag til fredag.
- Frå Noreg: 815 55 015
- Frå utlandet: +47 21 89 80 42
Saksbehandlar vil be deg om ditt fødsels- eller d-nummer, og be deg opplysa om namnet ditt og di folkeregistrerte adresse. Om namnet og adressa du opplyser om ikkje stemmer med det som vises som folkeregistrert adresse i systemet, kan du ikkje få tilsendt koronasertifikatet i posten.
Du må då kontakta folkeregisteret for å avklara kva som er registrert på deg.
Det kan ta ei veke før du mottar sertifikatet. Du kan difor ikkje få koronasertifikat basert på negativ koronatest ettersom testresultatet berre er gyldig i 24 timar. Koronasertifikatet er gyldig i 90 dagar frå utskriftsdatoen.
Treng alle koronasertifikat?
Du trenger ikkje koronasertifikat med mindre du skal reisa til land som krev koronasertifikat for innreise, for å unngå karantene når du reiser inn i Noreg, om du ønskjer å delta på større arrangement eller kystcruise med krav om koronasertifikat.
Personar som ikkje kan bruka den digitale løysninga, kan også nytta fullmaktsløysinga på Helsenorge.no for å få hjelp til å skriva ut eit, til ei kvar tid, gyldig koronasertifikat.