Kommunelegens oppsummering veke 47

Smittesituasjonen i kommunen har stabilisert seg på eit moderat høgt nivå. Me oppdagar om lag 50 personar med positiv test  kvar veke.

Kommuneoverlege Terje Kleiven - Klikk for stort bilete Ellen Marie Hagevik

Me har smitte i alle aldersgrupper, men det kan hende trenden er at fleire over 50 år er smitta siste veka samanlikna med vekene før. I tillegg kan det virke som om der er noko mindre smitte i skular og barnehagar. Vindafjord har hatt pasientar innlagde på sjukehuset heile veka.

Aukande smitte og ny mutant

Smittenivået i nabokommunane er nesten like høgt som hjå oss. I tillegg ser me at smitten aukar i heile Noreg. Det kan komme av at ein no oppdagar smitte som har gått ei stund. Fleire får luftvegsplager og testar seg, men det kan og hende at der er meir smitte no enn tidlegare i haust. Ekstra dystert er er utsiktene til at den nye mutanten, Omicron frå sørlege Afrika, kan ha potensiale til aukande smitte og med uavklart  vaksineeffekt.

Forsterka råd i Vindafjord

Dei lokale smitteråda gjeld framleis. Me rådar alle med positiv test til å vere heime i 7 dagar i tillegg til at ein skal vere symptomfri i ein dag før ein er ute av isolasjon, medan nasjonale retningsliner i dag er 5 dagar. Vår erfaring er at familiemedlemmer og nærkontaktar testar positivt og vert sjuke seinare enn 5 dagar frå positiv test.

Det er klart ei utfordring at me til no har hatt relativt liberale smittevernråd frå sentralt hald. Samstundes ser me at sjukehus og helsevesen vert meir pressa. I skrivande stund ser ein at fleire land i Europa innfører strenge smittetiltak. Ein må rekne med at det kjem strengare tiltak i løpet av kort tid i Noreg og.

Hald avstand og reduser talet på nærkontaktar

Det er kun vaksinering og redusert sosial kontakt som kan hjelpe mot alvorleg infeksjon og spreiing av smitta. Alle over 65 år skal no ha fått invitasjon til 3. vaksinedose. Me opplever at ein del ikkje svarer på invitasjonen. Eg vil oppfordre pårørande og dei eldre å ta kontakt direkte med vaksinekontoret for avtale. Me har no god kapasitet for vaksinering av dei eldste. Er du over 65 år, eller pårørande til nokon i aldersgruppa,  kan ein ringe 91 30 38 42 for avtale om 3. dose. Personar yngre enn 65 år vil få tilbod om 3. dose fortløpande. når dei eldre er ferdig vaksinert. Følg med på nettsidene til kommunen om dette.

Nasjonale råd gjeld for arrangement

Me får ein del spørsmål kring arrangement. Kommunen har ikkje andre restriksjonar kring arrangement enn dei nasjonale råda, i tillegg til dei forsterka lokale råda. Covid smittar hovedsakeleg gjennom luftsmitte. Då er avstand og reduksjon i nærkontaktar viktigaste smittevernråda. Eventuelt munnbind i tillegg. Mitt klare råd er at alle er nøkterne og kanskje reduserer noko på tal arrangement ein tek del i no i førjulstida.

 

Terje Kleiven

Kommuneoverlege