Dette er ei unik moglegheit for deg som ønskjer ein variert arbeidskvardag, tett kontakt med pasientar og eit fagmiljø som legg vekt på samarbeid og utvikling.
Heimlane passar òg godt for to legar som vil jobba saman.
Pexels
Eit fagmiljø med rom for vekst
I Vindafjord får du ikkje berre ein jobb – du får ein plass i eit sterkt fagmiljø der me spelar kvarandre gode.
Vikedal legekontor er eitt av tre legekontor i kommunen, med til saman tretten fastlegar og ein LIS1-lege.
Me har moderne fasilitetar og eit godt støtteapparat, slik at du kan konsentrera deg om det viktigaste: pasientane.
Me legg stor vekt på fagleg utvikling og gir deg høve til å delta i kurs og kompetanseheving.
Ein god stad å bu
Vindafjord er kjent for vakker natur, fjord og fjell, og eit aktivt lokalsamfunn.
Her finn du gode skular, barnehagar og eit rikt kultur- og idrettstilbod.
For deg som ønskjer å kombinera ein spennande jobb med eit godt familieliv, er dette staden å vera.
Vikedal sett frå Skomakarnibbå
Hege Birkeland Reimers
Om stillingane
Dei to heimlane har listestorleikar på om lag 1000 og 700 pasientar.
Praksisen kan drivast gjennom ein 8.2-avtale med kommunen eller som fast tilsetjing.
Til den eine heimlen høyrer det òg med ei 30 % stilling som tilsynslege ved Sandeid fengsel.
Legane ved Vikedal deltek i ein 17-delt interkommunal legevakt saman med Etne kommune.
Legevakta er bemanna og lokalisert ved Ølen legekontor, og vaktarbeidet er fastløna.
Pexels
Kven ser me etter?
Me søkjer ein fagleg trygg og strukturert lege med brei allmennmedisinsk kompetanse.
Du trivst med å jobba sjølvstendig, men ser verdien av samarbeid og langsiktig praksisbygging.
Du har norsk autorisasjon, gjennomført LIS1/turnus og gode norskferdigheiter. Førarkort og tilgang til eigen bil er nødvendig, og gyldig politiattest må leggjast fram ved tiltreding.
Erfaring frå primærhelsetenesta blir vektlagt.
Dette tilbyr kommunen
Vindafjord legg til rette for ein fleksibel arbeidshverdag og god balanse mellom jobb og fritid.
Du får gode økonomiske vilkår innanfor fastlegeavtalen, og kommunen har ALIS-avtale og er godkjend som utdanningsverksemd.
Me hjelper deg gjerne med å finna bustad dersom du treng det.
Vil du vita meir?
Ta kontakt med rekrutteringsrådgivar Kari Madeleine Gihle på telefon 904 05 666 for ein uformell prat.
Søknader blir behandla fortløpande – send CV via lenkja «send søknad».
Les meir og søk her
Kontaktpersonar:
Navn: Kari Madeleine Gihle
Tittel: Rekrutteringsrådgiver
Telefon: 90405666
E-post: kari.madeleine.gihle@tidsskriftet.no
Navn: Wenche B. Hansen
Tittel: Fagansvarlig rekruttering
Telefon: 91769932
E-post: wenche.hansen@tidsskriftet.no