Vaksine mot difteri, stivkrampe, kikhoste og polio

Visste du at FHI anbefaler oppfriskingsvaksine mot sjukdomane difteri, stivkrampe, kikhoste og polio når det er gått om lag ti år sidan førre vaksine mot difteri, stivkrampe, kikhoste og polio?

HaticeEROL, Pixabay

Dette gjeld alle vaksne, også personar som ikkje har tenkt seg på utanlandsreise.

Ta kontakt med vaksinekontoret for timeavtale:

Kombinasjonsvaksine

Det finnest ikkje tilgjengelege enkeltkomponentvaksiner mot alle desse sjukdomane. Oppfriskingsvaksine til vaksne er tilgjengeleg i Noreg som ein kombinasjonsvaksine mot difteri, tetanus, kikhoste og polio (DTP-IPV). Sidan varigheita av effekten av vaksinekomponentane er så ulik, har ein måtta vega mot kvarande vedrørande val av tidspunkt for revaksinasjon.

For å sikra vern mot difteri og tetanus har ein i Noreg landa på å anbefala at alle tidligare grunnvaksinerte vaksne får ein oppfriskingsdose kvart 10. år. Dette er i tråd med fleire andre land, som Danmark, England og USA.

Oppfriskingsvaksinasjon er anbefalt både for individuelt vern mot sjukdom og for å halda eit høgt vern i befolkninga slik at sjukdomane ikkje kjem tilbake til Noreg, såkalla flokkimmunitet (gjeld ikkje stivkrampe).   

Ulik varigheit

Etter grunnvaksinasjon gir dei ulike vaksinekomponentane vern av ulik varigheit. 

Difteri: Studier fra ulike land oppgir ulik varigheit av vern mot difteri. For å sikra vedvarande vern, anbefaler WHO at personar som bur i lav-endemiske eller ikkje-endemiske område får oppfriskingsvaksine med difterivaksine med om lag 10 års mellomrom. 

Tetanus (stivkrampe): Studier har vist at vern etter grunnvaksinasjon mot tetanus varer i minst 10 år.  

Kikhoste: For kikhostevaksine reknar ein at vernet varer i 4-12 år. 
 
Polio: Grunnvaksinasjon mot polio gir vern i flere tiår, mogelegvis livslangt vern.

Meir informasjon om dei ulike vaksinene

Difterivaksine

Tetanusvaksine (stivkrampe)

Kikhostevaksine

Poliovaksine