Utredning av overgang til ein institusjon

Kommunedirektøren ynskjer å starte prosessen med å gå over til ein institusjon i Vindafjord kommune. Det er sett av 1,5 millionar i eige tiltak som prosjektmidlar til kartlegging og eventuell planlegging av omlegging til ein institusjon. 

Det er mange ting som må greiast ut før ein eventuelt går vidare med tiltaket, spesielt i høve til korleis ein endrar tilbodet til våre bebuarar, men også i høve til våre tilsette, slik at vil vere ein omfattande prosess både med kartlegging og eventuelt gjennomføring-

Grunna av kapasitet er Vindafjordtunet mest aktuell for slik omlegging. Ølen omsorgssenter kan bli brukt som ein forsterka omsorgsbustad/helsehus. Det må sjåast på mogelege økonomiske effektar og konsekvensar av eit slikt tiltak, og me må ha skisse til ein plan for korleis dette kan gjerast. Dette vil også innebere ei styrking av heimetenesta.

Kommunedirektøren legg ikkje opp til å redusere talet på heildøgns omsorgsplassar, men at fleire plassar vil bli som omsorgsbustader med bemanning i staden for institusjon/sjukeheim.

Kommunedirektøren sitt framlegg til budsjett 2025-28

Sjå presentasjon av budsjettforslaget på KommuneTV her