Treng du hurtigtest for korona?

Det er mykje smitte av ulikt slag i omløp, og ikkje alltid like lett å veta kva ein er smitta av. I Vindafjord kommune får du gratis sjølvtestar for covid-19 i dei fleste daglegvarebutikkane.

Tre pakkar med koronatestar. - Klikk for stort bileteDet er ein test i kvar pakke. Ellen Marie Hagevik

Servicetorget på rådhuset i Ølen har også koronatestar til utdeling. Opningstida der er 08.00-15.30.

Helsedirektoratet anbefaler at personar som har høg risiko for å utvikla alvorleg sjukdom testar seg sjølv kvar dag i inntil fire dagar om dei får luftvegssymptom. Ved positivt resultat eller forverring av symptom, bør du oppsøka lege raskt.

Symptom på covid-19 kan vera:

  • Feber
  • Hoste
  • Tung pust
  • Hodvudpine
  • Slappheit
  • Nedsett lukt- eller smaksans
  • Muskelverk
  • Sår hals
  • Rennande nase og nysing
  • Magesmerter
  • Diare og oppkast kan førekoma

Meir informasjon om sjukdomsforløp, risikofaktorar, behov for helsehjelp, behandling, smitte, inkubasjonstid og korleis forebygga smitte finn du på Helsenorge si temasider

Covid-19 - kva er korona? og Koronavirus