– Eg hadde bestemt meg for at eg ville ha ein rolegare kvardag, seier 22-åringen, som opprinneleg er Skåneviksbu.
Tilfeldighetane førte Victoria til Ølen, og kort tid etter stod ho med jobbtilbod på Ølen omsorgssenter. Der har ho blitt – og der trivst ho.
– Det er ein givande kvardag. Eg synest det er kjekt å kunne bidra, følgje pasientane opp og sjå at dei har det bra, seier ho.
Victoria skulle aldri jobba innan helse. Det stod mellom advokat og fengselsbetjent, men ho stortrivst som sjukepleiar.
Kristine Thorsen Eikeland
Frå advokat eller fengselsbetjent – til sjukepleiar
At ho skulle bli sjukepleiar, var eigentleg ikkje planen.
– Eg skulle aldri jobba i helse, ler Victoria. – Det stod mellom advokat og fengselsbetjent.
Men i dag kunne ho ikkje sett for seg noko anna.
– Det er travelt, men på ein positiv måte. Det er alltid noko å gjera. Yrket er breitt, alt frå stell til avanserte sjukepleiefaglege oppgåver. Og vi jobbar mykje på tvers av avdelingar, noko som gjer at kvardagen er varierande.
Trygg i eit godt arbeidsmiljø
Som relativt fersk sjukepleiar har støtta frå kollegaene vore viktig.
– Det er mange flinke sjukepleiarar her. Det gjer at eg føler meg trygg i jobben, seier ho.
Det gode samhaldet er noko av det ho set mest pris på.
– Me finn gode løysingar saman. Det er eit seriøst yrke, men det er òg rom for humor og tull. Det betyr mykje.
Kristine Thorsen Eikeland
Små ting, stor skilnad
Den aller beste kjensla får ho når dagen endar med mestring.
– Ein fin dag på jobb er når eg veit at eg har gjort noko bra, at pasientane har fått ein god dag. Små ting kan bety mykje – berre det å vere med på aktivitetar kan gjere ein stor forskjell.
Noko av det mest rørande er å sjå pasientar som kjem inn frustrerte eller triste, men som gradvis blomstrar.
– Eg prøver alltid å gjera det lille ekstra. Når ein ser at det hjelper, er det verkeleg givande.
Samarbeid og utvikling
Victoria skryt av det tverrfaglege samarbeidet i kommunen.
– Me jobbar tett med heimetenesta, lege, legevakt, fysio og kjøkken. Det er godt å vite at ein alltid har nokon å ringa.
Og sjølv om ho allereie er godt i gang med karrieren, stoppar ikkje utviklinga der. No tek ho vidareutdanning innan sårsjukepleie.
– Eg er veldig glad for å kunne vidareutdanne meg. Det gjer yrket endå breiare, og det opnar nye moglegheiter.
Ein jobb med meining
For Victoria er sjukepleie meir enn arbeidsoppgåver og turnus.
– Det er ein jobb med meining. Du møter mange ulike menneske – nokon spør etter wifi-koden og vil på FaceTime eller Apple TV, medan andre er meir analoge. Det er ein fin variasjon, smiler ho.
Ho hadde aldri sett for seg eit liv i helse. Men i Ølen fann ho både arbeidsmiljø, ro og ei retning ho vil vidare i.
– Eg kjenner at eg gjer noko viktig. Og det er verdt kvar ein dag.
Bli ein del av laget! Ta kontakt med Annelin Bauge:
E-post: annelin.bauge@vindafjord.kommune.no
Tlf. 97 65 77 78