Startar vaksinering i aldersgruppa 12-15 år

Frå neste veke er det dei i alderen 12-15 år sin tur til å få vaksine. For 12-åringane gjeld det at du må fylt 12 år på vaksinedagen.

Wilfried Pohnke, Pixabay

Regjeringa har bestemt å følga Folkehelseinstituttet sine anbefalingar om å tilby koronavaksine til ungdom i alderen 12-15 år

Vaksinekontoret planlegg saman med skulehelsetenesta oppstart av vaksinering frå veke 37 i Vindafjord kommune.

– Vaksinasjonen består av ein dose Pfizer BioNtech i første omgang. FHI vil vurdera om det blir aktuelt med ein dose 2 seinare, seier Anne-Beate Økland, beredskapskoordinator smittevern.

Vaksinering på skulen

Det viser seg at ungdom i alderen 12-15 år har generelt svært god effekt av vaksinasjonen. Dei fleste vil oppleva ingen, eller milde og forbigåande biverknadar,

Alle føresette vil få utlevert informasjonsskjema om vaksinering og samtykkeskjema. Det skal også fyllast ut eit eigenerklæringskjema. Vaksineringa vil skje på skulen. Vaksinekontoret vil i samarbeid med skulen gi nærare informasjon om tid og stad.

På vaksinedagen må dette vera innlevert:

  • Eigenerklæringsskjema (må fyllast ut seinast kvelden før).
  • Samtykkeskjema underskrive av begge føresette.

Er det av ulike grunnar vanskeleg å få underskrift frå begge føresette på samtykkeskjemaet, sender den som ikkje kan skriva under ein e-post til vaksinekontor@vindafjord.kommune.no med informasjon om at du samtykker.

Andre vaksiner og frukost

All planlagt vaksinering i høve til barnevaksinasjonsprogrammet i 7.-10.- klasse blir utsett til etter haustferien. MMR-vaksinering i 6. klasse går som planlagt.

På vaksinedagen må alle huska på å eta ein god frokost før dei kjem på skulen!

Les meir om dette på FHI sine heimesider

Click here for information in other languages

Kort informasjon frå Folkehelseinstituttet om vaksine mot koronasjukdom covid-19

Click her for the poster above in other languages