Snakk om sjølvmordstankar - det kan redda liv

Våg å bry deg! Det kan vera vanskeleg å snakka om sjølvmordstankar, men det er ikkje farleg. Tvert imot, det å snakka om sjølvmordstankar kan redda liv.

Hender som formar eit hjarte - Klikk for stort bilete PhotoMIX-Company@Pixabay

I mai 2023 starta folkehelseopplysningskampanjen «Snakk om sjølvmordstankar, det kan redda liv», i Vestland og Rogaland. 

Målet med kampanjen er å gjera det lettare å snakka om sjølvmordstankar og å få hjelp, både for den som tenker på å ta sitt eige liv, og for dei som står rundt og er bekymra. Målgruppa er hovudsakleg den vaksne befolkninga med særlig fokus på menn mellom 40-60 år.

I Noreg er det kvar dag ein til to personar som tar sitt eige liv. Me som kommune og du som innbyggar kan vera med på å førebygga, ved å våga å snakka om sjølvmord.

Du kan gjera ein forskjell

Målet med kampanjen er å senka terskelen for å søka hjelp, og få fram at kvar og ein av oss kan bidra til å førebygga sjølvmord.

Stopp opp, spør, og vis at du bryr deg, dersom du er bekymra for nokon. Ta ein telefon eller send ei melding til nokon du trur har det vanskeleg. Det kan opplevast ubehageleg å snakka om sjølvmordstankar, men det er ikkje farleg, og det kan redda liv! 

Tusen takk for at du bidrar!

Råd til deg som er bekymra for nokon 

Treng du nokon å snakka med? 

Kontakt fastlegen din

Fastlegen din har ein øyeblikkelig-hjelp-funksjon på dagtid. Fastlegen kan gi deg råd og informasjon om hjelpetilboda der du bur. Ved behov, kan fastlegen ta kontakt med og senda henvisning til psykolog eller annan behandling i kommunen eller i spesialisthelsetenesta.

Mental Helse Hjelpetelefonen

Ring telefon 116 123 (heile døgnet)
Ringer du hjelpetelefonen og tastar 2 kjem du til Foreldresupport
Chat-tjeneste og skrive-tjeneste: sidetmedord.no (heile døgnet)

Mental Helse Ungdoms Hjelpechatchat

Mental Helse Ungdoms Hjelpechatchat er for ungdom og unge voksne, i alderen 18-35 år. Her kan du snakka med ein frivillig, heilt anonymt. Ingen problem er for små og du kan få snakka om det du vil.
Åpningstider: mandag til torsdag kl. 18:00-21:00

Kors på halsen

Ring, skriv, chat eller diskuter (for alle under 18 år)

Telefon 800 33 321 (mandag–fredag kl. 14.00–22.00). Chatten er åpen alle dager kl.14 – 22 (også i helgene)

Tenesta er gratis og du kan vera anonym.
Røde Kors driv tenesta.

Nettlenke til HelseNorge: Råd til deg som har sjølvmordstankar