Har du det tøft økonomisk og gruar deg til jul? Då kan du sende inn julegåveønsker for barn og unge i familien via eit digitalt skjema på kommunen si heimeside. Det er låg terskel for å delta, og det blir ikkje gjort økonomisk vurdering.
Pexels, pixabay
Frist for innsending av ønsker: 22. november 2025
Du treng kun oppgi:
• Telefonnummer
• Kjønn og alder på barnet
• Gåveønske
Søk her: Skjema - Julegåvetreaksjonen
Ønska blir formidla anonymt til arrangørane og hengt opp på trea i form av hjarte med alder og kjønn.
Dei som vil bidra med gåver kan plukke eit hjarte og kjøpe gåva. Gåvene blir samla inn og delt ut før jul.
Treng du hjelp med skjemaet?
Ring: 909 63 427 / 412 87 722
Eller kontakt rettleiar/kontaktperson i kommunen.
Slik starta det
Kommunejordmor i Vindafjord, Wenche Marie Strand Hauge, er eit ekte julemenneske. - Eg er veldig glad i jula, fortel ho smilande.
Saman med mannen Torstein Hauge står ho bak den fleirårige og hjartevarme juletradisjonen.
Det heile starta med ein idé Wenche og Torstein tok med seg heim etter å ha sett ein liknande aksjon ein annan stad.
Dei tenkte: "Dette må me få til her òg." Og slik vart det.
Det har blitt ein kjær tradisjon for mange – både dei som gir og dei som får.
– Det gir så mykje tilbake å få bidra med noko fint for andre i juletida. Lite kan bety mykje, påpeikar Wenche.
Ønska kjem inn via eit digitalt skjema på kommunen si nettside, og NAV Vindafjord-Etne står for innsending, formidling og utdeling. – Folka på NAV gjer ein fantastisk jobb, fortel Wenche.
Wenche og mannen Torstein står ho bak den fleirårige og hjartevarme juletradisjonen.
Kristine Thorsen Eikeland
Ein fantastisk jobb
– Dei tek imot ynskje, samlar inn og sørger for at gåvene kjem fram. Det er eit samarbeid som verkeleg fungerar.
Folk som vil bidra, kan plukke eit hjarte frå treet og kjøpe gåva. Tre lokale butikkar tek imot gåvene, og Wenche og Torstein er med og pakkar inn.
– Det er rørande å sjå når eit ynskje blir oppfylt, seier Wenche.
Ho håpar folk er tidleg ute, slik at alt kjem på plass i god tid før jul.
– Det er fantastisk å sjå kor mykje folk bryr seg, seier ho.
– Det er ekte juleglede.