Reise utanlands i sommar? Kva med barn?

Den viktigaste beskjeden er at alle som skal ut og reisa sjølv må sjekka reglene for landet dei skal reisa inn i, inkludert reglar for koronasertifikat. Reglane kan vera ulike for landa ein reiser til.

Pexels, Pixabay

Det er mellom anna ulike reglar om det er krav om koronasertifikat for barn eller ikkje. Det er ein pågående prosesser kring for eksempel barn sin mogelegheit til å få koronasertifikat basert på vaksine, og om dei skal vera omfatta av det generelle kravet om boosterdose dersom det er gått mer enn 270 dagar frå siste dose i grunnvaksinasjonen.

For alle barn under 16 år kan mistenkt covidsjukdom stadfestast med ein PCR-test for å unngå samtidig konflikt med vaksinering, og også med tanke på utanlandsreise. Denne testen forutset positiv hurtigtest.

Sjå nettstaden reopen.europa.eu/en . Hugs at ting er i endring og at krav om sertifikat kan endra seg raskt.

Sjekk reglene i landet du skal reisa til

Innreiseregler for kvart enkelt land finn du på nettstaden eller appen Reopen EU. Merk at informasjonen om landa her ikkje alltid er oppdatert, men lenkene som er tilgjengelege om det enkelte land sin reglar gir god informasjon.

Me anbefaler også å bruka Reiseklar-appen til utenriksdepartementet.

Finn koronasertifikatet på nett og app

Koronasertifikatet finn du enkelt på helsenorge.no/koronasertifikat.

Det er også enkelt å lasta ned Helsenorge-appen, og henta fram koronasertifikatet der.