Oppfordrar vindafjordingane til å ta dose 3

– Du er dårlegare beskytta mot alvorleg sjukdom denne vinteren om du ikkje ta dose 3, seier Espen Rostrup Nakstad. Manglande dose 3 kan også få innverknad på ferien din om du har tenkt deg til Europa.

Espen Rostrup Nakstad, assisterande helsedirektør - Klikk for stort bilete– Sidan me står framfor ei stor smittebølge, er det nå me trenger dette vernet mest, seier Nakstad om dose 3. Finn Oluf Nyquist, Helsedirektoratet

Laurdag førstkommande er det massevaksinering både i Skjold Arena og Ølen kulturhus mellom klokka 09.00 og 15.00. Du kan booka time til både dose 1, 2 og 3 med koronavaksine. Intervallet mellom dosane er nå 20 veker.

Bestill time til vaksinering

Det er ein del ledige plassar både i Ølen og Skjold. Dei som kan, bør nytta høvet til å få på plass dose 3, meiner den assisterande helsedirektøren.

– Står framfor ei stor smittebølge

– Om du ikkje tar, eller utsett dose 3, er du dårlegare beskytta mot alvorleg sjukdom denne vinteren. Sidan me står framfor ei stor smittebølge, er det nå me trenger dette vernet mest. Derfor anbefaler me alle å ta oppfriskingsdosen når dei får tilbod om det, seier Nakstad til  Vindafjord kommune si nettside.

Han seier at ein ser at nesten ingen blir lagt inn med alvorleg sjukdom etter 3. vaksinedose. Dei aller fleste som blir innlagt på sjukehus nå er uvaksinerte.

Dose 3 er også viktig på veg mot ein meir normal kvardag.

– Vaksineeffekten taper seg dessverre over tid, men dose 3 er ein oppfriskingsdose som gir fullgodt vern for dei som fekk sin andre dose for meir enn 4,5 månad sidan. Oppfriskingsdosen beskyttar godt mot alvorleg sjukdom, og alle som ikkje har fått alvorlege biverknadar etter de to første dosane, er anbefalt å ta den 3. dosen, seier Nakstad.

Kan påverka ferien din

Manglar du dose 3, kan det også bety utfordringar om du har tenkt deg til eller via Europa. Ein kan lika det eller ikkje, men EU set krav til koronasertifikatet som er strengare enn dei norske.

Før jul vedtok EU å innføra endringar i kor lenge koronasertifikat er gyldige. Fullvaksinerte må etter 1. februar ta oppfriskingsdose dersom det er gått meir enn 270 dagar (rundt 9 månadar) sidan siste vaksinedose for at koronasertifikatet framleis skal vera gyldig.

Dersom du har tatt eller tar oppfriskingsdose med vaksine, vil koronasertifikatet bli forlenga utan avgrensing.

For fullvaksinerte har EU også bestemt at påvist koronasjukdom etter fullvaksinasjon ikkje skal sidestillast med oppfriskingsdose. Når det gjelder oppfriskingsdose, erstattar altså ikkje infeksjon denne dosen for koronasertifikatet.

Endringar i gyldigheit for koronasertifikatet for fullvaksinerte

Tre gode grunnar for å ta dose 3

Til deg som lurer på om du skal ta 3. dose koronavaksine, husk:

  • Etter du har tatt 3. dose er du unntatt smittekarantene.
  • Du slepp innreisekarantene, både når du reiser til og frå Noreg.
  • 270 dager etter 2. dose vil du ikkje ha grønt koronasertifikat lenger.