Opnar for drop in-vaksinering

Fredag ettermiddag er det framleis ein del ledige timar til massevaksineringa i morgon. Det blir difor opna for drop in-vaksinering dei to siste timane.

Geralt, Pixabay

Laurdag 15. januar blir nærast ein merkedag for koronavaksineringa i Vindafjord kommune. Eit stort apparat er rigga for å kunna vaksinera inntil 1.200 personar fordelt på Ølen kulturhus og Skjold Arena. Vaksineringa skjer mellom klokka 09.00 og 15.00.

Du kan bestilla time på Remin.no fram til klokka 21.00 fredag 14. januar. Då blir bestillinga stengt.

Dei som ønskjer Moderna-vaksine, må gje beskjed om dette før dei går inn i salen der vaksineringa føregår.

Drop in mellom 13.00 og 14.45

– Me har 600 dosar kvar stad, og kapasitet til å setta 100 dosar i timen. Det er flest bestilte timar først på dagen, og flest ledige timar mot slutten av dagen. Me har difor bestemt oss for å opna for drop in-vaksinering mellom klokka 13.00 og 14.45, seier Anne-Beate Økland, beredskapskoordinator smittevern.

Har du enno ikkje bestilt time, betyr det at du kan svinga innom Skjold Arena eller Ølen kulturhus i dette tidsrommet laurdag og få dose 1, 2 eller 3, alt etter kor du er i vaksineforløpet. Intervallet er nå 20 veker mellom dosane.