jhenning@Pixabay
Fagleg og sosialt påfyll for pårørande
Vindafjord og Etne kommune har hausten 2024 arrangert samtalegrupper for pårørande til personar med demens. Då det var for få påmeldte til å arrangera pårørandeskule for pårørande til personar med demenssjukdom i år, fekk dei som hadde meldt seg på istaden tilbod om å delta på samtalegrupper for pårørande til personar med demens. Totalt 10 personar deltok fire kveldar i oktober og november på Etne omsorgssenter.
Målet med samtalegrupper er å gi informasjon og kunnskap om demens, samt veiledning og støtte til pårørande til personar med demens. Samtalegrupper gir pårørande anledning til å møta andre i same situasjon.
Hukommelsesteamet i Vindafjord kommune og demenskoordinator i Etne kommune hadde fagleg ansvar for samlingane og for gruppesamtalane.
Vindafjord demensforeining og Skånevik Helselag informerte om deira organisasjon, mål og tilbod. I tillegg bidrog dei med kaffimat på alle samlingane.
Deltakerane fekk informasjon om aktuelle tenestetilbod i kommunane, informasjon om demens, kommunikasjon og framtidsfullmakt. Deltakerane fekk også informasjon om ulike hjelpemidler og presentasjon av desse.
Gruppesamtalane starta først i mindre grupper om tema på samlinga og kva dei sjølv ønska å snakka om, deretter delte gruppene opplevingar og erfaringar med kvarandre.
Brosjyrer, hefter og anna informasjonsmateriell var tilgjengelig for å ta med seg om ein ønska det.
Ny pårørandeskule
Hausten 2025 planlegg Vindafjord og Etne kommune å starta opp pårørandeskule for pårørande til personar med demens, meir informasjon om dette vil koma.