Ny oppfriskingsdose til dei frå 65 år og eldre

Oppstart av vaksineringa for dei frå 65-74 år er planlagt 1. og 8. september på Sjøperlo.

 

Wilfried Pohnke, Pixabay

Tilgjengelege timar er lagt ut på Remin.no.  Husk at du kan bestilla på vegne av andre, eller bestilla time for dine pårørande. 

Det er også mogeleg å ringa vaksinetelefonen, men me gjer merksam på at det kan vera noko ventetid på telefonen. Har du andre spørsmål om vaksine, oppfordrar me til å senda spørsmål på e-post.

Me held også fram med vaksinering på helsestasjonen ut veke 33 for dei over 75 år.

Oppfriskingsdose er anbefalt sjølv du har hatt korona sidan førre dose.

Ta vaksine sjølv om du har hatt korona

Frå august 2022 er det anbefalt at personar frå 65 år og eldre, samt sjukeheimsbebuarar, tar ein ny oppfriskingsdose med koronavaksine.  Anbefalinga om ny oppfriskingsdose til denne aldersgruppa gjeld uavhengig om du har gjennomgått sjukdom etter førre dose. 

Det bør vera minimum 3 veker mellom gjennomgått koronasjukdom og ny oppfriskingsdose, men eit lengre intervall vil som regel gi ein betre immunrespons. Har du fått oppfriskingsdose tidlegare, må det ha gått minst 4 månader etter siste vaksinedose før du kan få ny dose.

Nye grupper i september

Det er varsla at kommunen skal planlegga for vaksinering av personer 18-64 år med underliggande sjukdommar frå september. Meir info kjem etterkvart.

Timebestilling på nett  

Kontaktinformasjon vaksinekontor