Nå opnar verda igjen!

Me kan snart sjå ein ende på over to år med pandemi. Vaksinekontoret i Vindafjord trappar derfor opp aktiviteten og tilbyr igjen reisevaksiner.

Gammel koffert fylt med sandstrand, sjø og blå himmel. - Klikk for stort bilete Darkmoon_Art, Pixabay

Behov for vaksiner og vern mot malaria er avhengig av blant anna reisemål, type og lengde på reisa og den epidemiologiske situasjonen til ei kvar tid.

I tillegg må den reisande sin helsetilstand, alder og tidlegare vaksinasjonsstatus vurderast. 

Start i god tid før avreise

For dei fleste vaksiner tek det minst 1-2 veker før vern inntrer, og nokre vaksiner må takast to eller fleire gonger for å få full verknad. For å få optimal effekt av vaksinasjon bør ein difor i mange tilfelle starta i god tid før avreise.

Me hjelper deg med å finna fram til rette vaksiner for di reise og planlegga for ei best mogleg reiseoppleving.

Alle som skal reisa til Asia, Afrika, Mellom- og Sør-Amerika, Stillehavsøyene og Øst-Europa bør ta reisevaksiner. I visse områder er det i tillegg til vaksiner anbefalt med førebyggande behandling mot malaria.

Me kan også tilby

  • Yrkesvaksinering
  • Vaksinering ved manglar i  barnevaksinasjonsprogrammet
  • Influensavaksinering

Me tilbyr i tillegg vaksinering til bedrifter igjen.

Opningstider

Ta kontakt for nærare avtale på mobil 91 30 38 42 kvardager klokka 09.00-12.00, eller på e-post vaksinekontor@vindafjord.kommune.no