Nå kan dei frå 45 år og eldre bestilla dose 3

Arbeidet med å vaksinera innbyggarar over 65 år med oppfriskningsdose er nær avslutta. Det blir nå opna for timebestilling for dei som er 45 år og eldre. Bortsett frå romjula blir det vaksinering kvar veke framover vinteren.

Wilfried Pohnke, Pixabay

– Me opnar nå timebøkene for alle personar som er anbefalt oppfriskningsvaksine. Det er anbefalt 5 månader mellom siste dose i primærvaksineringa (dose 2) og oppfriskningsdose. Tilgangen i timebok for bestilling vil derfor berre vera tilgjengeleg om det er gått 5 månader sidan du fekk dose 2, seier Anne-Beate Økland, beredskapskoordinator smittevern.

Her bestiller du time      

Gruppene som er anbefalt å ta dose 3

  • personar 45 år og eldre, samt sjukeheimsbebuarar
  • personar 18-44 år med underliggande medisinske tilstandar som gir høg risiko for alvorleg sykdom av covid-19
  • tilsette i helse- og omsorgstjenesta

Vaksineframdrift og kombinasjon av vaksiner

– Med unntak av romjula blir det lagt opp til vaksinering kvar veke utover vinteren. Timar vil bli lagt ut fortløpande. Folk kan i utgangspunktet velja kva vaksine dei vil ta. Ønskjer du ein bestemt vaksine, må du gje beskjed om dette på førehand, seier Økland.

Vaksinekontoret har ikkje eigne anbefalingar for kva som egnar seg best som boosterdoser for dei som kan velja begge. Vindafjord kommune vaksinerer med dei vaksinene me til ei kvar tid har tilgjengeleg og skiller ikkje på det.

Ein kan godt kombinera ulike koronavaksiner ved dose 1 og 2. Det er venta at ein er minst like godt beskytta dersom vaksinene blir gitt i kombinasjon – det vil seia ulike vaksiner ved dose 1, 2 og/eller 3 – som når alle dosane blir gitt med same vaksine.

Eigen Moderna-dag

– Me vaksinerer hovudsakeleg med Pfizer (Corminaty) i dag. Me har også eit lager av Moderna (Spikevax)-vaksiner. Av praktiske omsyn vil me ha ein Moderna-dag onsdag 22. desember. Denne dagen vil det berre bli trekt opp Moderna-vaksine, seier Økland.

Les meir om koronavaksiner, intervall og kombinasjon av vaksiner