Laget rundt barn og unge

Kompetanseløftet for spesialpedagog og inkluderande praksis er godt i gong i Vindafjord. For tida vert det jobba med kartlegging i ein forprosjektfase som skal ende opp i ein søknad om nye midlar til laget rundt barn og unge. 

Sonja Hunseid Lærdal er tilsett som prosjektmedarbeidar i prosjektet fram til 1. april og ho har kontor på rådhuset. Nils Erik Eide

Vindafjord og Etne har søkt Statsforvaltaren i kvar sine fylke og samla fått innvilga 580.000 kroner til forprosjekt. Tilsvarande sum er innvilga til universitet/høgskule (UH-sektoren) som er med som partnar i kompetanseløftet.

I våre to kommunar og fylke betyr dette i praksis at Høgskulen Vestlandet (HVL) er med på laget for Vindafjord, medan Etne har Norsk Lærar Akademi (NLA). UH er allereie på banen og skal vera med på kartlegging og analysearbeidet fram mot hovudsøknad for gjennomføring av kompetanseløftet. 

Prosjektgruppa vår er felles for Etne og Vindafjord. Me har helse og oppvekst med oss, sjølvsagt inkludert dei interkommunale tenestene PPT og barnevern. Kommunalsjefane innan helse, oppvekst og samfunnsutvikling i Vindafjord og Etne er styringsgruppe.

Tilsett prosjektmedarbeidar 

I samband med kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis, er Sojna Hundseid Lærdal tilsett som prosjektmedarbeidar i 30 prosent stilling fram til og med mars i første omgang. Ho kombinerar denne stillinga med inspektørjobben ho har på Ølen skule.  Ho har kontorplass ved Rådhuset i Ølen, vil vera tett på prosjektgruppa, men også ha kontakt med einingane framover. Sonja har også ansvaret for å skriva søknaden om nye midlar til laget rundt barn og unge

Les meir om kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis her