Kommuneoverlegen si oppsummering veke 7

Auka tal innlagte med korona, magesymptom hos barn, høgt sjukefråvær i kommunen, reise utanlands med barn og smittevernråd, er noko av innhaldet i oppsummeringa denne veka.

Kommuneoverlege Terje Kleiven - Klikk for stort bilete Ellen Marie Hagevik

Det er vanskeleg å seia kor mange smitta me har i kommunen nå. Truleg er me om lag på landsgjennomsnittet.

Ein ser at talet smitta innlagte i sjukehuset stig. Det skuldast mellom anna at mange vert innlagte av annan årsak enn covidsmitte, men er smitta. Det er relativt få innlagte med alvorleg covidsjukdom i seg sjølv.

Ikkje alle barn har luftvegssymptom

Me erfarer at mange uvaksinerte barn kan bli dårlege. Det handlar då ofte om sterke magesmerter, oppkast og diare. Ikkje alle har luftvegssymptom, sjølv om dette er dominerande hos mange.

Erfaringa er at barn ikkje vert kritisk sjuke, men får mykje plagar. Det er viktig å symptombehandla barna, og då gjerne med kombinasjon av Paracet og Ibux. Plagene står som regel på berre få dagar før det snur.

Det er medieoppslag der ein ber foreldre vera på vakt og eventuelt søka lege. Erfaringane er at barn som vert lagt inn på sjukehus raskt betrar seg, og det er sjeldan sjukehuset gjev aktiv behandling ut over symptomlindring.

For barn mellom 0 og 3 månader skal ein vera spesielt på vakt. Har dei feber, diare eller får i seg lite næring, skal ein kontakta legevakt for råd.

Utfordringar på grunn av høgt sjukefråvær

Kommunen har i dag utfordringar med bemanning på grunn av høgt sjukefråvær. Mange er smitta, og mange må vera heime på grunn av smitte hos mindreårige barn.  Dette gjeld både pleie- og omsorgstenestene, skular, barnehagar og helsetenesta.

Publikum kan erfara at kommunen må prioritera strengare, og tenestenivået kan forbigåande verta lågare. Dette gjeld både tilgjengelegheit og innhald i tenestene.  Målet er å halda oppe dei fleste tilboda, og prioritere dei svakaste i samfunnet.

Eg tenker publikum må vera førebudd på at det blir endringar i tenestene, og ein bør visa tålmod til dei tilsette i ein slik situasjon. Tenester med akuttfunksjon er prioritert til normal drift.

Utanlandsreise med barn

Elles vil eg minna om at om ein planlegg å reisa med uvaksinerte barn eller barn som berre har fått ein vaksinedose, må ein halda seg oppdatert med tanke på innreisevilkår i destinasjonen ein reiser til.

Krav om koronasertifikat gjeld i mange land, og ein må då eventuelt få stadfesta gjennomgått sjukdom med PCR-test (ved testkontoret i kommunen) for å få gyldig koronasertifikat. Sjå eiga sak om dette.

Hald deg heime om du er sjuk

Eg minner også om smittevernråda: Ein held seg heime om ein er sjuk med akutte symptom, uansett årsak. Dei som testar positivt på hurtigtest held seg heime til ein er feberfri.

Det er framleis lurt å halda avstand for å unngå smitte. Dette gjeld spesielt i høve til sårbare grupper.

Terje Kleiven
Kommuenoverlege