Kommuneoverlegen si oppsummering veke 51

Der er relativt lite smitte blant våre innbyggarar. Dei fleste er vaksinerte og får lettare symptom.  Ein arbeidsplass har 21 smitta. Mange av desse er i karantene på brakkerigg i kommunen. Nokre er og fastbuande i kommunen. 

Kommuneoverlege Terje Kleiven - Klikk for stort bilete Ellen Marie Hagevik

Der har siste veka vore omfattande testing av nærkontakter ved den aktuelle arbeidsstaden, og svar føreligg ikkje i skrivande stund. All smitte har til no vore delta-varianten. Me har ikkje hatt smitte av omikron-varianten.

Hurtigtest eller PCR-test?

Kommunen sitt arbeid er utfordrande, spesielt sidan sentrale myndigheiter stadig endrar reglane for smitteoppsporing. Siste nytt er at alle nærkontakter kan testa seg ut med eigne hurtigtestar på 7. dag i karantene.

Gullstandarden her er PCR, som er den testen som ein får tatt ved teststasjonen. Når mange no kan testa seg ut med eigen hurtigtest vil kommunen miste oversikten over kven som er i karantene, når dei er ute osv. Ein får ei heller oversikt over nærkontakter.

For meg som kommuneoverlege framstår mange sentrale råd slik at smittevernfaglege råd vert endra etter kor stor kapasitet landets laboratorier til ei kvar tid har.

Me rådar personar som skal testa seg ut av karantene til å ta PCR-test på sjuande dag i karantenen for å vere sikrast mogleg på at ein ikkje har smitte. Erfaringen er framleis at mange nærkontakter er positive på 6. - 10 dag i karantenen. Dette spesielt der ein har positive i nær familie.

Omikron-viruset spreier seg

Når omikron-viruset no spreier seg og sentrale myndigheiter spår stor auke i denne smitten i januar 2022, er det den enkelte sin atferd og vaksinasjonsstatus som avgjer kor stor smitte me får i kommunen vår framover.

Då handlar det om at ein held seg heime og ikkje tek del i sosiale samanhengar om ein har symptom. Dette gjeld sjølv ved lette symptom. I tillegg må ein halda avstand. 

Storstilt vaksinering i januar

Kommunen sin innsats vert retta mot vaksinering. Me planlegg storstilt vaksinering i midten av januar for alle over 18 år. Følg med å kommunen si nettside om dato og påmelding. 

Uvaksinerte må sterkt vurdera å vaksinere seg. Når dei uvaksinerte utgjer 1/10 av befolkninga og samstundes utgjer over 6/10 av intensivpasientene i sjukehus, seier det seg sjølv at helsegevinsten av vaksine er formidabel.

Seinverknader av covid

Det har i det siste og kome studiar om seinverknader av covid-infeksjon. Av vel 2200 pasientar som var innlagt på sjukehus med smitte i England er berre 1 av 4 friske etter eit år. 3 av 4 har moderat til stort funksjontap i form av utmattelse, tungpust, smerter og redusert yteevne.

Ein har enno ikkje forklaringa på dette, men der er teoriar om varige endringar i immunsystemet som forklarer svikt i fleire av kroppen sine organ. Det er på ingen måte ufarleg å få smitte med symptom som krev sjukehusinnleggelse. Det einaste som tryggar oss mot dette er vaksine.

Oppi alt dette er det viktig å ta vare på kvarande, og feire julehøgtida i gode rammer.

 

Terje Kleiven

Kommuneoverlege