Kommuneoverlegen si oppsummering veke 4

Koronaviruset har endra seg, og sjølv omikron-viruset muterer i desse dagar. Uansett ser det ut til at dei nye variantane gjev mindre alvorleg sjukdom, i alle fall hos vaksinerte.

Kommuneoverlege Terje Kleiven - Klikk for stort bilete Ellen Marie Hagevik

Viruset er meir smittsamt, og dei neste vekene vil mange vindafjordingar få smitte.

Alle som får symptom dei neste vekene må testa seg. Reglar for isolasjon gjeld framleis (minst 6 dagar), og råda om munnbind der ein ikkje kan halda avstand gjeld framleis. Det same gjeld råd om å avgrensa nærkontaktar. Det er også viktig at alle med symptom held seg heime.

Uvaksinerte bør skjerma seg mest mogleg. Fleirtalet av dei med alvorleg sjukdom er uvaksinerte.

Seinskadeverknadar

Der kjem stadig nye studier kring seinverknadene av covid-sjukdom. Sist ein studie frå USA som viste at barn som er fødde av mødre som gjennomgjekk smitte i svangerskapet hadde dårlegare motoriske og sosiale ferdigheiter samanlikna med barn fødde før covidpandemien.

Sjølv om ein treng fleire studiar for å stadfesta funna, er det ei påminning.  Det understrekar i alle fall kor viktig det er at gravide vaksinerer seg.

Seinskadar etter infeksjon (long covid) er tidlegare godt dokumentert. Symptom som hjernetåke, utmatting, tung pust, hjarterytmeforstyrringar og så vidare, er ikkje uvanleg i gruppa som har hatt alvorleg infeksjon.

Me kjenner i dag lite til om omikronvarianten gir seinskadar, men det er ikkje noko stort poeng å la seg bli smitta, all den tid dette er uavklart. Kunnskapen kring smitte, vern mot sjukdom etter smitte og seinskader er framleis ufullstendig.

Aukande smitte og sjukefråvær

Vindafjord føl nasjonale retningslinjer. Me har aukande smitte, men ikkje prosentvis meir enn gjennomsnittet for landet. Nå er kanskje ikkje smittetalet det viktigaste å følga, men heller talet på alvorleg sjuke.

I tillegg er sjukefråværet aukande. Dette kan vera utfordrande for kommunen sine tenester, men også for alle arbeidsgjevarar i kommunen.

Vaksinering framover

For aldergruppa frå 12-15 år vil det komma informasjon ut til alle heimar via VISMA. Det vil bli tilbod om vaksineringsdag i skulen. Ein kan også velja vaksinering på Ølen kulturhus.

For alle barn gjeld det at begge foreldrene må samtykka til vaksinering om ein har delt foreldreansvar.

Når det gjeld 5-11-åringar jobbar me med korleis sjølve vaksineringa skal organiserast. Barn i denne aldergruppa som av medisinsk årsak skal ha vaksine, skal førebels ikkje bestilla time via nettsidene til kommunen, men ringa vaksinetelefonen 91 30 38 42 i telefontida 09.00-12.00 på kvardagar.

Me har kapasitet til å vaksinera i tida framover, så alle som er uvaksinerte vert framleis oppfordra til å ta vaksinen. Spesielt nå når smitterisikoen aukar kraftig.

Terje Kleiven
Kommuneoverlege