Klarsignal for dose 3 for dei over 65 år

Vaksinekontoret held denne veka fram med koronavaksinering. Det er framleis personar som tar kontakt for 1. dose. Det er gledeleg. Dei som er 85 år og eldre, vil få dose 3 først.

Klikk for stort bilete Wilfried Pohnke, Pixabay

– Skulevaksineringa for aldersgruppa 12-15 år blei avslutta førre veke. Me oppfordrar foreldre til dei som ikkje enno er fylt 12 år, og dei som av andre grunnar ikkje tok imot tilbodet vaksinedagen, om å ta kontakt direkte med vaksinekontoret for ny time, seier Anne-Beate Økland, beredskapskoordinator smittevern.

Startar med 85 år og eldre

Denne veka kom det klarsignal for tilbod om 3. dose for dei over 65 år.  

– Me startar først med vaksinasjon til aldersgruppa 85 år og eldre, samt sjukehjemsbebuarar. Dei fleste vil få mogelegheit til å bestilla time etter at influensavaksineringa er avslutta i veke 44 og 45, seier Økland.

Mer informasjon om tidspunkt og praktisk gjennomføring vil koma. Viktige moment er:

  • Intervallet mellom 2. og 3 dose skal vera minst 6 månadar.
  • Vaksinen kan ikkje bli gitt samtidig med influensavaksine, og det skal gå minst ei veke mellom desse to vaksinene.

Oppfriskingsdose til eldre og sjukeheimsbebuarar (FHI)

Me arbeider ut frå følgande prioriteringar ved vaksinering:

  1. Dose 1 med koronavaksine til uvaksinerte.
  2. Dose 2 med koronavaksine til delvis vaksinerte.
  3. Dose 3 med koronavaksine til personar med alvorleg svekka immunforsvar.
  4. Sesonginfluensavaksine til definerte risikogrupper.
  5. Oppfriskingsdose til eldre.