Julas viktigaste hugseliste
Barn merkar meir enn me trur. I jula betyr det ekstra mykje at vaksne er til stades og trygge. Her er julas viktigaste hugseliste.
Det kan gjera stor forskjell at me er merksame på korleis alkohol påverkar stemninga rundt oss.
Av og til
Vindafjord er ein Av-og-til-kommune.
Kvart år spør Ipsos, på vegner av Av-og-til, barn og ungdom mellom 8 og 19 år korleis dei opplever vaksne sin alkoholbruk. Basert på dette, og anna forsking på feltet, har Av-og-til utarbeidd følgjande råd til vaksne som drikk alkohol:
- Drikk null, eitt eller maks to glas når du er saman med barn
Det er òg det dei fleste barn svarar at er greitt når dei blir spurde. Hugs at i nokre situasjonar, og med nokre barn, er det best å unngå alkohol heilt. - Ha flest dagar utan alkohol
Ver medviten om at fri frå jobb, feriar og seine kveldar kan auka sjansen for at du drikk meir eller oftare enn du elles ville gjort. - Bli einige med andre vaksne om kor mykje alkohol som er greitt
Det er òg lurt at minst éin er edru og kan køyra bil dersom det skulle oppstå noko. - Unngå å drikka på ein måte som går ut over morgondagens planar
Det er hyggelegare for både deg og barna når du er opplagt og i god form. - Ver spesielt medviten i feriar og høgtider
Barn blir ekstra sårbare for endringar hos vaksne når forventningane er store, rutinane endrar seg eller når dei er borte frå sine trygge rammer. - Hugs at barn blir påverka før du gjer det
Barn merkar at du har drukke tidlegare enn du trur. Stopp derfor før du sjølv kjenner deg påverka eller brisen.
Derfor bør du vera ekstra medviten
Når me er saman med barn bør me hugsa at «god stemning» ikkje alltid er det same for oss vaksne som for barna.
Dei effektane av alkohol som me vaksne kanskje tenkjer er positive, kan for barna opplevast ubehagelege.
Når me snakkar litt høgare, klemmer litt lengre eller ler litt meir, tenkjer me kanskje at me berre har det ekstra hyggeleg.
For barna kan dette opplevast ekkelt og ubehageleg. Barn merkar endring tidlegare enn me vaksne trur. Etter nokre glas kan det vera vanskeleg for oss vaksne å bedømma korleis me blir oppfatta av dei små.
Les meir her
Sist endra 12.12.2025 23.37