Infomøte om Menn i Helse

Vil du bli vår nye helserekrutt? Menn i helse skal bidra til å rekruttere fleire helsefagarbeidarar til kommunesektoren – og no er me på leting etter nye deltagere til kull 2024. Meld deg på informasjonsmøte no!

Menn i helse

Vindafjord kommune søkjer nå etter vaksne arbeidssøkande menn som vil bli tilbydd ein unik moglegheit til å ta fagbrev som helsefagarbeidar gjennom “Menn i helse”.

Utdanninga er komprimert og tilrettelagd for arbeidssøkande menn i alderen 25 – 55+. Deltakarane får tittelen helserekruttar og under utdanninga blir det veksla mellom å motta yting frå NAV og lønn frå kommunen.  

Påmelding til informasjonsmøte

Ta sjansen og bli med på eit uforpliktande informasjonsmøte der det vert gitt informasjon utdanninga, økonomi og jobbmoglegheitar. Helserekruttar frå tidligare kull er også til stades og delar sine erfaringar og anbefalingar. 

Her vil det bli orientert om “Menn i helse”, utdanninga og jobbmoglegheitane. I etterkant av møtet vil det bli gjennomført intervju. Etter intervjua vil eigna og motiverte kandidatar bli tilbydd ei 12 vekes rettleiande praksisperiode som helserekrutt på sjukeheim eller tilsvarande. Deretter er det sommarjobb og vidare utdanningsløp fram mot fagbrev som helsefagarbeidar.


Er du vår neste mann? Grip moglegheita! 
Kjenner du noen som fortener moglegheita? Tips dei om “Menn i helse!” 

mennihelse.no

Har du spørsmål om “Menn i helse”?  
Ta kontakt med fylkeskoordinator: Øystein Johannessen