Helsestasjon for ungdom - eit gratis og trygt tilbod

Helsestasjon for ungdom i Ølen er eit gratis og trygt tilbod med taushetsplikt for alle under 23 år. Her møter du mellom anna helsesjukepleiar Ingrid Ådnesen Thorsen.

På HFU møter du helsesjukepleiar, jordmor og lege som kan hjelpe deg med:

  • Psykisk, fysisk, sosial og seksuell helse 
  • Råd om søvn, kosthald og fysisk aktivitet
  • Prevensjon 
  • Testing for seksuelt overførbare sjukdomar
  • Råd om rus, vald og overgrep
  • Snakk om sosiale medier, forhold, familie og venner

Folka ved HFU er her for deg – og viser deg vidare dersom du treng meir oppfølging.

Bli med helsesjukepleiar Ingrid på tur til HFU i Ølen:

Følg oss: 

Instagram 

Facebook

Korleis går du fram?

Møt opp på Rådhusplassen 32 i Ølen, tysdagar 14.30 - 17.00. Det er berre til å møte opp på venterommet. Drop in. Der blir du kontakta av oss når det er din tur.

  • Fast lege på helsestasjon for ungdom er Elin H. Vågen.
  • Helsesjukepleiar og jordmor rullerer.
  • Du kan bestilla time på tlf. 53 65 55 60 / 48 86 32 78

Helsestasjon for ungdom er kjønns- og legningsnøytral. Her blir du møtt med eit legningsnøytralt språk i all formidling og kommunikasjon.

Ilustrasjon av kven du møter på HFU - Klikk for stort bilete HFU