Havregraut på skulemenyen

Vikedal skule har tru på at god næring gjer god læring! Dei serverer gratis havregraut til alle elevar på ungdomstrinnet måndagar i det første friminuttet.

Næring gir god læring Bente T. Gjil

Fleire elevar seier dei er for trøytte til å ete frukost, nokre har heller ikkje alltid med seg niste, og då er det eit godt tiltak at skulen serverer havregraut. 

Rektor Bente Tednes Gjil seier ho har god erfaring med å servere havregraut i tida ho jobba på Hjelmeland ungdomsskule, og dessutan har Ølen vidaregåande skule veldig god erfaring med dette. 

På Vikedal skule serverer dei gratis havregraut til elevane på ungdomstrinnet i første frimimutt på måndagar Bente T. Gjil

For at dette skal vera mogleg å få til er det flott med engasjerte lærarar som t.d. Tone Helen Halleraker.

Lærar Tone Helen Halleraker serverer med glede ungdomsskuleelevane havregraut. Bente Tednes Gjil