Har du hugsa å bestille time til influensavaksine?

Årets influensavaksinering er i gang på kulturhuset. Vaksinekontoret har framleis mange ledige timar neste onsdag 19.11.

Vaksinekoordinator og spesialsjukepleiar utanfor vaksinekontoret - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Me har no hatt to veker med fulle timebøker. 

I overkant av 1000 personar har vore inne til vaksinering. Vindafjordingane er kjempeflinke til å møte opp til rett tid. Me har òg dyktige og erfarne vaksinatørar med oss som sikrar ei trygg og god oppleving.

FHI ber eldre og risikogrupper om å ta influensavaksinen så snart som mogleg, fordi dei trur årets influensasesong kan starte tidlegare enn vanleg. 

Tidleg auke av influensa – FHI ber eldre og risikogrupper vaksinere seg no – FHI.

Time kan bestillast i Helseboka. Har du ikkje BankID, kan nokon andre bestilla for deg ved å bruke si BankID. 

Du kan òg senda e-post til vaksinekontor@vindafjord.kommune.no  eller ring 913 03 84

Påminning til deg fødd i 1960

Alle Vindafjordingar fødde i 1960 får tilbod om ny vaksine mot lungebetennelse (Prevenar20) gjennom vaksinasjonsprogrammet for vaksne. 

Denne gir livslang immunitet og kan takast samtidig med influensavaksina.

Hugs dette før du møter til vaksinering

  • Et ein god frukost
  • Kle deg praktisk slik at overarmen er lett tilgjengeleg
  • Ikkje møt dersom du har nye forkjølingssymptom
  • Du må vera feberfri
  • Møt til rett tid og hugs å venta 20 minutt i salen etter vaksinering

Vaksinekontoret
📞 91 30 38 42  Opningstid veke 45–46: kl. 09.00–15.00 (pause kl. 12–13)
📧 vaksinekontor@vindafjord.kommune.no