Gratis hurtigtestar i alle bygdene
Denne veka blir tilgangen på gratis hurtigtestar utvida til alle bygdene i Vindafjord. På butikken kan du få testar dersom du har symptom eller er nærkontakt.
BuggiBe, Pixabay
I løpet av måndag og tysdag denne veka, vil det bli levert ut gratistestar til daglegevarebutikkane. Kvar innbyggar som treng det får 2 testar.
Treng du gratis hurtigtestar til fleire husstandsmedlemmer, bør dei hentast på koronakontoret, Rådhusplassen 32 (gamle legevakta i Ølen). Butikkane har berre enkeltpakningar til utdeling.
Prioriteringar for gratis sjølvtestar
- Personar med symptom
- Nærkontakt
- Maksimum 2 testar per person
Merk: Få andre til å henta test til deg dersom du har symptom.
Desse har ikkje rett på gratis sjølvtestar
Gratis sjølvtestar frå kommunen skal ikkje brukast ved rutinemessig testing i regi av arbeidsgivarar for testing av eigne tilsette, eller av organisasjonar, arrangørar eller private som ønskjer testing til arrangement og sosiale samankomstar i offentleg eller privat regi.
Testar til slike føremål kan kjøpast på apotek og i butikk.
Sist endra 07.02.2022 15.12