Gratis foreldrekurs som passar for alle

Familieteamet tilbyr gratis foreldrekurs til foreldre som har barn i alderen 4-10 år. Foreldrerettleiingsprogrammet heiter circle of security-parenting (COS-P). På norsk kallar me det tryggleikssirkelen. 

Hender med ringar av løvetann. - Klikk for stort bilete Hari Mohan, Pixabay

Ta også kontakt med oss dersom du er interessert, men har barn i alderen 10-12 år, så kan me prøva å imøtekoma behov.

Om kurset

Circle of Security-Parenting (COS-P) er eit foreldrerettleiingsprogram basert på 50 års forsking innan tilknytingsteori. Kurset passar for alle. Du treng ikkje oppleva foreldrerolla som vanskeleg, eller at barnet ditt har behov for noko spesielt, for å delta.

Føremålet med kurset er å gjera foreldre meir bevisste på å sjå, tolka og møta barnet sine behov og bli bevisst eigne haldningar, følelsar og handlingar i samspelet med barnet ditt.

Kurset er delt opp i kapittel. Me nyttar filmklipp av andre foreldre og barn som utgangspunkt for dagens tema, reflekterer i gruppa og gir rettleiing. Barn er ikkje med på kursa.

Kurset blir halde på rådhuset i Ølen og er gratis.

COS-P strebar ikkje etter det perfekte foreldreskap, men eit godt nok foreldreskap.

Alle er velkomne. Samstundes vurderer me at det er nyttig at begge føresette deltar dersom det er to i heimen, men dette er ikkje eit vilkår for å melda seg på.

Kursdagar

Kurset går over 8 gongar og varer frå klokka 19.00 til om lag 21.00.

  • Torsdag 8. september
  • Torsdag 15. september
  • Torsdag 22. september
  • Torsdag 29. september
  • Torsdag 6. oktober
  • Haustferie
  • Torsdag 20. oktober
  • Torsdag 27. oktober
  • Torsdag 3. november

Påmelding

Påmeldingsfrist: 1. september 2022

Kurshaldarar på dette kurset er familierettleiarane Amalie Eike Sternhoff, Ragnhild Thorsen og Aud Hopland Åserud

Vil du melda deg på, eller ønsker meir informasjon om kurset, send ein e-post til:

aud.hopland.aserud@vindafjord.kommune.no