God tverrfagleg dag

Barnehage, skule, PPT, barnevern, familieteam, helsestasjon og skule-helsetenesta var alle representert frå kommunale tenester på den tverrfaglige fagdagen, "BTI lag", på rådhuset.

BTI lag fagdag, prosjektmedarbeidar i kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis, Sonja Hundseid Lærdal presenterer status så langt. Inger Kathrine Sundve

Politiet var tilstade som ein naturleg samarbeidspartnar i samband med SLT-arbeidet, og Høgskulen Vestlandet som er inne i utviklingsarbeid i oppvekst.

Torsdag 20. april var det BTI LAG, ein fagdag der alle tenestene kring barn og unge treffast for kompetanse- og utviklingsarbeid i lag. Det var sett av god tid til Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis. I dette arbeidet har me med oss Etne kommune og partnarar frå universitet og høgskule. Liv Inger Engevik og Rikard Røros frå HVL er begge med i arbeidsutvalet i kompetanseløftet og deltok i fagdagen.

Andre overskrifter på agendaen var «Laget rundt barn og unge» og ein status oppdatering frå integreringstenesta med fokus på barn og unge som no blir busett i kommunen, deira erfaringar og bakgrunn og korleis me kan førebu møtet med dei.