Fysio - og ergoterapitenesta startar opp fleire gruppetilbod

Den flinke gjengen som jobbar ved fysio - og ergoterapitenesta i Vindafjord kommune, set no i gang fleire rundar med ulike, supre gruppetilbod.

NY TRENINGS­GRUPPE FOR PERSONAR MED KOLS
Vil du få betre pust, meir energi og auka livskvalitet? No startar ei trygg og tilpassa treningsgruppe for deg som har KOLS. 

  • Fokus på styrke, kondisjon og pusteteknikk 
  • Sosialt og motiverande miljø 
  • Tilpassa ditt nivå 
  • Stad: Treningssalen på Ølen Omsorgsenter 
  • Oppstart: Januar 2025 

Ta kontakt med fysioterapeut Elin Hundseid for påmelding eller meir informasjon:
📞 99300857
✉️ elin.hundseid@vindafjord.kommune.no 

Frisklivskoordinator og fysioterapeut - Klikk for stort bileteFrisklivskoordinator og fysioterapeut


FRISKLIVSTRENING
Synest du dørstokkmila er lang? Har du utfordring med å kome i gong med fysisk aktivitet på eigahand?  

  • Det er planlagt oppstart av neste treningsgruppe i veke 2. 
  • Treninga føregår måndagar og onsdagar kl. 10 i 12 veker, og ein varierer mellom trening inne og ute.
  • Tilbodet er meint for dei som treng støtte til å endra levevaner. Ein treng ikkje å ha ein diagnose for å delta. 
  • Du vil også få tilbod om helsesamtale dersom du ønskjer det.

✉️Ta kontakt ved interesse: 

Frisklivssentral@vindafjord.kommune.no

PARKINSONGRUPPE
Påmeldinga er open til gruppa som startar over nyttår. 

  • Ein trenar 2 gonger i veka, med øvingar i ståande, sittande og på golvet. 
  • Opplegget føregår i 8 veker. 
  • Treninga blir leia av fysioterapeut og fysioterapistudentar. 

For påmelding eller meir informasjon, ta kontakt med fysioterapeut Gunvor Johansson Garvik:

📞911 79 672 (tilgjengeleg kvardagar 8-15.30) 

✉️gunvor.johansson.garvik@vindafjord.kommune.no