Førebur tilsyn

Etne og Vindafjord barnevern er plukka ut av statsforvaltaren til å ha tilsyn med oppfølging av barn i fosterheim. I desse dagar jobbar leiargruppa i barnevernet med å samla dokumentasjon som statsforvaltaren ha i forkant av tilsynet. 

Bilde av barnehand i voksenhand - Klikk for stort bilete

Fristen for å senda inn dokumentasjon er 7. august. - Målet er å få sendt inn alt innan sommarferien slik at me kan lada opp til oppstartsmøte 22. august og vidare intervju, seier einingsleiar Turid Askeland.

Einingsleiar Turid Askeland hadde i dag, saman med fagleiar, ein gjennomgang av sjekklista for kommunalsjef. Nils Erik Eide

Sjølve tilsynet skjer i perioden 19. - 29. september, her skal statsforvaltaren gå gjennom saksmapper, intervjua tilsette og fosterheimsbarn - og foreldre. Det heile vert avslutta med eit oppsummeringsmøte den 29. september.

Vidare vil då statsforvaltaren levere ein rapport som kjem seinare i haust. Denne veka hadde einingsleiar og fagleiar ein gjennomgang av sjekklista saman med kommunalsjef for oppvekst Nils Erik Eide. 

Les meir om Etne og Vindafjord barnevernsteneste her.