Feira eldredagen med matglede
Den 1. oktober vart den internasjonale eldredagen markert på både Ølen omsorgssenter og Vindafjordtunet.
Dagen blei feira som «Matglede-dagen» - med klassiske kjøttkaker, karamellpudding og noko godt å drikke.
Kjøkkena ved begge institusjonane har gjort ein formidabel innsats med å levera og servera mat til alle avdelingar – til stor glede for bebuarane.
Annelin Bauge
Avdelingane var vakkert pynta med haustlege fargar, som skapte ei lun og god stemning for både bebuarar og tilsette.
FNs eldredag minner oss om verdien av dei eldre i samfunnet vårt – og i Vindafjord markerar me dagen med omsorg og fellesskap.
Takk til alle som bidrog til ei minnerik feiring.
Annelin Bauge
Sist endra 01.10.2025 15.28